Hopp til innhold

Strid om politikarar som rek rundt i valkampen

Kommunar tek grep for regulere valkamp-besøk på skular og sjukeheimar. På kant med ytringsfridommen, meiner Redaktørforeininga.

Strid om politikarbesøk i valkampen

SELFIE: I Sunnfjord skal kommunedirektøren alltid vere orientert om politikarbesøk. Det skaper debatt.

Foto: NTB

Politikarar som stikk innom skular, sjukeheimar og barnehagar for å sjå og bli sett er ikkje eit ukjent fenomen, ikkje minst i eit valår.

«Lyttemøta» blir gjerne akkompagnerte av eit oppslag i lokalavisa, der folkevalde, tilsette og brukarar får sagt sitt. Og så blir det med det.

Ikkje i Sunnfjord.

Her har støvet enno til gode å leggje seg etter at ordførarkandidaten for Arbeidarpartiet besøkte Førde omsorgssenter.

Ifølgje ein reportasje i lokalavisa Firda teikna dei tilsette eit «krisebilete» av ein «skakkøyrd» eldreomsorg.

Men det er ikkje elendebeskrivinga som har fått etterspel.

Etterspelet kjem av eit vedtak i kommunen om at folkevalde som besøkjer kommunale einingar først skal rette ein førespurnad til rette kommunalsjef.

Særleg fortsetjinga har fått merksemd: «Kommunedirektøren skal alltid vere orientert om slike besøk».

Under overskrifta «Sunnfjord kommune og Grunnlova» skriv Norsk Redaktørforening at det er «nærliggjande å tru at motivasjonen bak retningslinja er å unngå at allmenta får innsyn i ein annan versjon av korleis det står til med tenestetilbodet i kommunen».

Strid om politikarbesøk i valkampen

I 2011 vart det gjort forsøk på å hindre statsminister Jens Stoltenberg (Ap) frå å drive «utidig valkamp» ved ein vidaregåande skule i Tromsø. På bilete: Statsminister Jonas Gahr Støre på barnehagebesøk.

Foto: NTB

Feil å seie at dette vert gjort for å sikre kontroll

NRK har vore i kontakt med kommunedirektøren i Sunnfjord, Terje Heggheim, som avviser at han går utover sine fullmakter eller forsøker å «instruere» dei folkevalde.

Det er feil å seie at dette vert er gjort for å sikre kontrollen med informasjon. Ingen kommunedirektør kan utfordre Grunnlova eller ytringsfridommen, seier han.

Til dette svarer Reidun Kjelling Nybø i Redaktørforeininga at kommunedirektøren kan instruere dei kommunalt tilsette, men at han ikkje under noko omstende kan rette krav til dei folkevalde, slik vedtaket legg opp til.

Ein ringjerunde til norske kommunar viser at det er fleire som har «køyrereglar» for å regulere praksisen med politikar-besøk, om enn ikkje formaliserte «retningslinjer».

  • Camilla Dunsæd, Kristiansand:I samband med valkampen har vi ein praksis med at dei folkevalde kontaktar direktøren for området. Det er for å koordinere slik at ikkje ei bestemd eining får for mange besøk.
  • Heidi Lippestad, Lillestrøm: – Vi har ein munnleg avtale om at kommunedirektør og direktør for relevant tenesteområde vert informert om besøk på førehand.
  • Christian Fotland, Bjørnafjorden: Praksis er at det er god dialog mellom politikarane og kommunedirektøren. Hos oss fungerer dette veldig bra, utan at det er behov for å lage retningslinjer.
  • Gunnar Silden, Stad: – Vi har ikkje retningslinjer for folkevalde, men det har vore diskutert at administrasjonen ynskjer å vere informert i forkant av eventuelle besøk.

(Sjå fleire døme under.)

Førde omsorgssenter

I Sunnfjord har støvet enno til gode å leggje seg etter at ordførarkandidaten for Arbeidarpartiet besøkte Førde omsorgssenter (bilete).

Foto: Håvard Nyhus

Det blir bomskot å gjere dette til juss

NRK har vore i kontakt med KS og Kommunal Rapport. Ingen av dei har oversikt over omfanget av retningslinjer, men begge godtgjer at det «ikkje er uvanleg».

Det blir bomskot å gjere dette til spørsmål om juss, slik Redaktørforeininga speler opp til, seier KS-direktør Helge Eide.

Han legg til at Kommunelova (paragraf 13-1) tilseier at det «på ingen måte er urimeleg at kommunedirektøren er involvert i rutinar for tilrettelegging av politiske besøk til kommunale tenestestader».

Dette handlar først og fremst om godt samspel mellom politikk og administrasjon, og kva spelereglar som bidreg til at dette blir best mogleg. Kva det konkret betyr finn ein best ut av i god dialog lokalt.

Bråk rundt meir eller mindre varsla politikarbesøk er ikkje eit nytt fenomen.

  • I 2011 vart det gjort forsøk på å hindre statsminister Jens Stoltenberg (Ap) frå å drive «utidig valkamp» ved ein vidaregåande skule i Tromsø.
  • I 2019 måtte eit knippe oppvekstpolitikarar i Rogaland vente ved porten til Våland barnehage før kommuneleiinga gav dei løyve til å gå inn. Bakgrunnen var ein instruks om at «rådmannen skal godkjenne slike arrangement og besøk på kvar enkelt verksemd eller institusjon».
  • I 2021 sende Forsvarsdepartementet ut eit notat med «oppdaterte» retningslinjer som sa at media som «hovudregel» ikkje skal vere med når politikarar besøkjer forsvarssektoren.
Statsminister Erna Solberg ser på huskende barn under sitt besøk til Troll-Myra barnehage i Fosnavåg.

– Det blir bomskot å gjere dette til spørsmål om juss, slik Redaktørforeininga speler opp til, seier KS-direktør Helge Eide. På bilete: Statsminister Erna Solberg på besøk til Troll-Myra barnehage i Fosnavåg.

Foto: NTB

Ingen syns det er greitt å «bli teke på senga»

I ei utgåve av Kommunal rapport frå 2016 seier ekspert i kommunalrett, Jan F. Bernt, at «det kan leggjast avgrensingar på når og kvar slike samtalar kan finne stad, typisk fordi det forstyrrar verksemda i arbeidstida.»

Sju år seinare seier han til NRK at det er «ganske opplagt at kommunedirektøren ikkje kan leggje nokon som helst avgrensingar på kva dei folkevalde gjer», men at han over tid har sett ein tendens til fleire forsøk på å «sikre kontrollen med informasjonen til dei folkevalde eller allmenta».

Kommunedirektør i Gloppen kommune i Nordfjord, Anders Skipenes, har ikkje sett behovet for å etablere retningslinjer.

Han viser til at tenesteleiarane har delegert ansvar frå kommunedirektøren.

Det er dei som skal utøve godt skjøn, og eg har stor tillit til at leiarane mine er i stand til å gjere dette på ein utmerkt måte.

Han legg til:

Men verken kommunedirektørar eller andre syns det er greitt å «bli teke på senga», og slike besøk tenderer som kjent til å skape mediesaker i etterkant.

Les også Populære Ap-ordførarar vil ikkje ha besøk frå partitoppane i valkampen

Hitra-ordfører Ole Laurits Haugen (Ap).