Hopp til innhold

Staten sitt krisescenario for rasjonering av straum: Ventar opp mot 100 dødsfall

Tilgang på straum åtte timar for dagen – og dødsfall av ulukker og dårleg mobildekning. Noreg sitt verste fall-scenario blir oppdatert.

Kraftledninger

UTKOPLING: Rasjonering av straum kan gi konsekvensar dei fleste av oss kanskje ikkje har tenkt på.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Fleire ser bokstaveleg tala mørkt på kraftsituasjonen i Noreg neste vår.

Lite vatn i magasina, lite snø i delar av fjellet og sjansen for ein kald og tørr vinter gjer at Statnett har rekna at det er opp mot 20 prosent sjanse for at det blir straumrasjonering våren 2023.

Konsekvensane vil bli store. Så store at ei slik krise i fleire år har vore eitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sine tenkte scenario (ekstern lenke).

«Sannsynet for det konkrete scenarioet i ein av dei fem straumregionane er vurdert å vere 10 prosent i løpet av 100 år», skriv DSB i sin siste oppdaterte analyse i 2019.

Knappe tre år seinare er scenarioet plutseleg blitt urovekkande aktuelt.

Oppdaterer kriseanalysen

Folk kan døy og bli alvorleg skadde grunna ulukker og mangel på mobildekning, mellom anna, ifølge dagens scenario.

Direkte og indirekte kan det i verste tilfelle bli opp mot 100 dødsfall. DSB presiserer at det er knytt stor uvisse til anslaga.

No er DSB i gang med å oppdatere krisescenarioet slik at det liknar meir på den krevjande energisituasjonen Noreg og Europa står i.

Situasjonen er langt verre enn føresetnadane som er lagt inn i den førre scenario-analysen, seier direktøren i DSB til NRK.

– Det er krig i Ukraina, heftig og langvarig tørke i Europa og lav fyllingsgrad i magasina våre. Dette gjer at kraftsituasjonen er meir alvorleg enn før. Vi må passe på at scenario vi nyttar for krisehandteringar i Noreg er oppdaterte, seier DSB-direktør Elisabeth Aarsæther.

Målet er å vera ferdige med det oppdaterte scenarioet innan jul.

Ei eventuell straumrasjonering vil ikkje innførast i vinter, men til våren. Det er viss situasjonen blir ille nok.

Strømbrudd

DØDSULUKKER: Mørke vegar og fleire dødsulukker er ein av farane ved rasjonering av straum i Noreg.

Foto: Tor Andre Johannessen

Berre straum åtte timar dagleg

Og ille kan det bli. Dagens krisescenario for langvarig straumrasjonering er dyster lesnad.

DSB analyserer eit scenario der dei 600.000 innbyggjarar i prisområdet NO3 (Trøndelag, Møre og Romsdal, delar av Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark) må rasjonere.

«To sesongar med lite nedbør har medført at fyllingsgraden i vassmagasina i utgangspunktet er låg. [ ...] Importutsiktene frå utlandet er svært avgrensa på grunn av stans i svensk kjernekraftproduksjon og kabelrot. Tidleg og kald vinter fører til stort forbruk frå før jul», legg DSB til grunn.

Så startar rasjoneringa 1. mars med at kraftkrevjande industri blir kopla ut.

To veker seinare blir det roterande utkopling for resten av befolkninga, fram til det blir avslutta 15. mai.

Militærøvelsen Cold Response 22 DSB-direktør Elisabeth Aarsæther

Direktør Elisabeth Aarsæther i DSB håper scenarioet aldri blir noko vi får oppleve.

Foto: Geir Olsen / NTB

100 kan døy

Då vil innbyggjarane i tur og orden få tilgang til straum berre to gongar fire timar dagleg. Det kallast «sonevis roterande straumutkopling» og er noko som «ikkje har skjedd i moderne tid i Noreg».

Konsekvensane i scenarioet til DSB er svært store:

  • Direkte og indirekte dødsfall er venta å bli opp mot 100 personar. Ulukker vil få større konsekvensar fordi folk ikkje får kontakt med naudetatane om basestasjonar for mobilnett sviktar. Det er venta fleire trafikkulukker grunna manglande lys. Det blir også meir bruk av open eld, noko som aukar faren for bustadbrannar. Mellom 300 og 500 er venta å bli sjuke eller alvorleg skadde.
  • Det økonomiske tapet vil kunne bli på mellom 10 og 20 milliardar kroner, men DSB er veldig usikre her. Det er industri, næringsliv og kraftbransjen sjølv som vil blø mest pengar.
  • Store påkjenningar i dagleglivet til folk, og uro og frustrasjon. Det blir vanskeleg å betale for seg i butikkar og minibankar vil tidvis vera nede. Det kan bli vanskeleg å fylle bensin, lade bil, signalanlegg for tog og vegtrafikk vil bli ramma. Det kan bli redusert tillit til styresmaktene for at ei slik krise ikkje er unngått.

Krisescenario skal hindre ulukker

– Eg håpar jo verkeleg at vi ikkje skal komme dit, seier DSB-direktøren om moglegheita for at vi ikkje kan bruke straum som vi vil til våren.

– Formålet med scenario og planlegging er å minimere alvorlege konsekvensar for menneska. Det er viktig i all scenariotenking, nemleg å sikre liv, helse og verdiar. Det er derfor vi gjer dette, seier Aarsæther.