Alle bileta i denne saka er frå kontrollar som Statens vegvesen har uført i siste del av september – ved Svinesund, Ørje eller Støkken.
Mellom anna fann kontrollørane eit vogntog med 24 tonn stålbjelkar som hadde 11 stroppar, men som burde hatt 20. Fleire av dei var nær ved å ryke.
Andre funn var bremseskiver med tydeleg sprekker i – og biltransport der vogntoga var usikra.
I dag har sjåføren heile ansvaret dersom kontrollørar finn alvorlege feil og manglar på vogntoga. I eit nytt forslag føreslår regjeringa at føretaka som eig køyretøya må få eit medansvar.
Denne lasta burde hatt minst 20 stroppar, men hadde berre 11. Fleire av stroppane var i ferd med å ryke.
Foto: Statens vegvesenStoppar vogntog på grensa
Kontorsjef Øyvind Grotterød i Statens vegvesen har mannskap som dagleg stoggar vogntog med alvorlege feil og manglar.
Han seier sjåførar i enkelte tilfelle manglar kunnskap om korleis lasta skal sikrast. Andre manglar ei forståing av kor viktig det er å få sikra lasta.
Inntrykket er at manglande lastsikring er eit aukande problem, og at det kan vere ei utfordring at sjåførane sit igjen med alt ansvaret.
Kontorsjef Øyvind Grotterød meiner manglande sikring av last er eit aukande problem.
Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRKKontrollørar har snakka med sjåførar som fortel at dei hentar vogna på ein eller annan kai i Europa, og at dei då berre får beskjed om å kopla til. Hengarane er ofte plomberte. Dermed får ikkje sjåføren sjekka kva som er inni.
– Vi har skrekkeksempel på at lasta ligg heilt laust. Diverre går dette utover sjåføren åleine.
Når lasta er usikra, skal det berre ein unnamanøver til før det kan skje ei alvorleg ulykke som også involverer andre.
Her var det tydelege sprekkar i bremseskivene.
Foto: Statens vegvesenVil luke vekk verstingane
Det nye forslaget frå Regjeringa går ut på at føretaket får eit medansvar. Altså at selskapet aktivt må legge til rette for at føraren har nok kunnskap til å sikre lasta på ein god måte.
Det betyr at selskapet har ansvar for god opplæring, gode tryggingsrutinar og rettleiing ved sikring av last.
Kontrollørar kjem jamleg over billast som er for dårleg sikra.
Foto: Statens vegvesenKva plikter føretaket har, skal nedfellast i ei eiga forskrift.
– Dette er eit steg i riktig retning, seier leiar Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet Logistikk.
Han har lang fartstid som yrkessjåfør, med over 40 år bak rattet.
Jan Arne Laberget meiner det er på høg tid at føretaka får større ansvar for manglande sikring.
Foto: Per Christian Lind / YrkestrafikkforbundetEtter hans erfaring er seriøse transportføretak i Noreg gode på å erstatte øydelagd sikringsutstyr i køyretøya, når sjåførane melder frå.
Det er hos dei useriøse transportføretaka at sjåførane kan få eit problem, meiner han.
For å spare pengar, erstattar dei ikkje øydelagd sikringsutstyr, forklarar han.
– Dei seriøse aktørane vinn fram med denne lovendringa. Dei brukar pengane det kostar å ha alt i orden. Dette lukar ut dei useriøse transportselskapa.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier lovforslaget vil gje auka tryggleik til sjåførane, og bidra til meir trafikksikre transportar.
– Dette handlar om trafikktryggleik, men også om å fremje eit meir seriøst arbeidsliv i transportsektoren, seier han.
Statens havarikommisjon har granska fleire ulykker med tunge køyretøy involvert og der dårleg sikring har vore ein viktig faktor.
Foto: Statens vegvesenFekk tilråding frå Havarikommisjonen
Allereie i 2007 skreiv Havarikommisjonen at ein stor del av førarar eller andre tilsette i firma manglar grunnleggande kompetanse. Det var etter ei ulykke der store betongelement var involverte.
«Det er heller ikkje krav til at det skal ligge føre dokumentasjon/berekningar som viser at slik last er forsvarleg sikra», var den tydelege konklusjonen den gongen.
– Det vi fann ut, var at det var manglar ved plassering av last. Men det har også vore manglande sjåføropplæring og manglar rundt utstyr og rutinar som selskapa hadde rundt sikring av last, seier avdelingsdirektør Ingvild Ytrehus.
Ho trur ei lovendring kan gi ein preventiv effekt.
Lovforslaget har vore på høyring skal no behandlast i Stortinget.
Asko Transport er eit av Noregs største transportselskap.
I ei tekstmelding skriv direktør John Strand at selskapet skal bruke tid framover på å lese seg grundig opp på lovforslaget, og kva det vil bety for selskapet.