Hopp til innhold

Organisasjonen sin partiguide på nett fører til utmeldingar: – Flautt å vere medlem

Organisasjonar med «guidar» til politiske parti har prega valkampen. Då Human Etisk Forbund prøvde seg, lét ikkje reaksjonane venta på seg.

Sara Mauland Raudt Rogaland

FLAUTT: – No synest eg det er flautt å vere medlem av Human Etisk Forbund, seier kommunerepresentant for Raudt, Sara Mauland.

Foto: Raudt Rogaland

OPPDATERING: HEF trekker guiden: «Metoden for analysen vår om partia og menneskerettar var ikkje grundig nok».

– No er det flautt å vere medlem i HEF. Eg er usikker på om eg vil fornye medlemskapen, seier Sara Naustad Mauland, som er tidlegare leiar i fylkeslaget i Human Etisk Forbund (HEF) i Rogaland.

Onsdag publiserte forbundet ein partiguide der dei premierte dei ulike partia ut frå kor godt dei jobbar med å styrke menneskerettane.

Raudt, som Mauland representerer i kommunestyret i Stavanger, fekk berre to av ni poeng.

Den dårlege scoren har vakt sterke reaksjonar blant fleire i partiet, og ifølge VG har 46 personar meldt seg ut av organisasjonen i protest.

Torsdag la HEF ut ei forklaring på nettsida si.

– Vi forstår at mange som sympatiserer med Raudt ikkje kjenner seg att. Vi tar til oss kritikken, seier politisk og internasjonal sjef i Human Etisk Forbund, Lars Petter Helgestad.

Partiguide HEF

KRITIKK: Det har hagla kritikk mot Human Etisk Forbund etter dei publiserte sin partiguide. – Her er det uklart kva dei vurderer etter, seier varamedlem i KrF, Eirik Lunde.

Foto: Skjermdump frå Facebook / HEF

Trend med fleire partiguidar

I samband med stortingsvalet har fleire organisasjonar utarbeidd partiguidar, kor stortingspartia blir vurderte – gjerne med ein poengskår eller terningkast.

I august var det Naturvernforbundet som fekk kritikk for å dele ein «misvisande guide» i sosiale medium. Guiden baserte seg på 37 ulike spørsmål som partia sjølv hadde svart på.

KrF-ideolog Erik Lunde kalla guiden eit godt døme på kva som skjer når avsendaren «forelskar seg i spesifikke løysingar framfor å gjere ein heilskapleg vurdering».

Leiar i Manifest tankesmie, Magnus Marsdal, seier skjemaifiseringen og partiguidane i sosiale media kan vere «fordummande».

– Metoden kan fungere demokratiserande og opplysande, men også manipulerande, seier han.

Han legg til:

– For mykje skjøn og synsing øydelegg heile metoden. Då er det manipulasjon, ikkje opplysing.

Partiguide naturvernforbundet

PARTIGUIDE: Guiden til Naturvernforbundet fekk kritikk frå Erik Lunde for å vere misvisande.

Foto: Naturvernforbundet

I likskap med Lunde understrekar han at dei som lager guidar må vere opne om kva som blir vurdert.

– I dette konkrete tilfellet er det høgst uklart kva HEF legg vekt på i vurderinga. I Helsingsforskomiteens vurdering av partia sin menneskerettighetspolitikk, kom jo partia helt annleis ut, for eksempel, seier Lunde.

Han legg til at det «er helt fair at organisasjonane gjer partitestar, men da må kriteria vere tydelege».

Kirkens Nødhjelp partiguide. Skjermdump Facebook

PARTIGUIDE: Kirkens Nødhjelp seier partiguide er eit godt verkemiddel om vurderingskriteria er tydelege.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Godt verkemiddel

– Alle velgarguidar må forenkle, og enkelte nyansar vil ikkje alltid bli fanga opp, seier kommunikasjonsrådgivar i Naturvernforbundet, Tor B. Christensen.

Han legg til:

– Det gjeld ikkje berre vår partiguide og liknande undersøkingar, men også valgomatar.

I likskap med skjema-ifiseringa har «valgomatinfiseringa» (alle valgomatane) blitt kritisert for å redusere politikk til «eit usamanhengande belte av små enkeltsaker».

Om kritikken av partiguiden til Naturvernforbundet seier han:

– Vi tar kritikken som har kome og ønskjer å betre metoden vår.

Leiar for politikk og kommunikasjon i Kirkens Nødhjelp, Lisa Sivertsen, fortel at dei har gode erfaringar med å lage partiguide.

– Vi vurderer partiprogram ut frå eksplisitte krav og har tett dialog med programkomiteane i partia. Vi tenkjer det er eit godt verkemiddel om vurderingskriteria er tydelege, seier ho.

– Dei er blitt partipolitiske

Ikkje berre Raudt-sympatisørar har reagert på HEF-guiden. Den sjølvutnemnde «lyseblå høgremannen» Tor Eivind Selvik, seier til NRK at «heile familien no melder seg ut».

– Årsaka er at dei har blitt partipolitiske. Eg føler ikkje at eg høyre heime i HEF lenger, seier han.