Hopp til innhold

Stortinget vil fjerne foreldingsfristen for seksualbrotsverk mot barn: – Glad det blir teke på alvor

Framstegspartiet får fleirtal i Stortinget for eit forslag om å fjerne foreldingsfristen for alle typar seksualbrotsverk mot barn.

Overgrepsofferet på kaia i Tromsø

HAR JOBBA FOR ENDRING: – Eg er veldig glad for å sjå at dei har teke dette på alvor og ønsker å gjere noko med det basert på erfaringane eg har delt og som fleire støttar opp under, seier Kari Kollbotn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det gjer meg veldig glad å høyre at politikarane argumenterer med den same logikken som eg har prøvd å få fram, seier Kari Kollbotn til NRK.

Ho vart utsett for overgrep som barn og har jobba for å få oppheva foreldingsfristane for seksuelle handlingar mot barn.

Etter eit møte i justiskomiteen i Stortinget tysdag er det klart at det blir fleirtal for dette.

I forslaget blir regjeringa beden om å fjerne foreldingsfristen for alle typar seksualbrotsverk mot barn. Frp får fleirtal for forslaget med støtte frå Ap, Sp og SV.

– Viss det tek lang tid for overgrepsutsette barn å stå opp for seg sjølv, kan vi ikkje ha ein foreldingsfrist som forhindrar det, seier Kollbotn

Går i snitt år 17 år før overgrep blir melde

Frps justispolitiske talsperson Per-Willy Amundsen grunngir forslaget med at det ofte går lang tid frå eit overgrep skjer, til ei politimelding blir levert. Han viser til ei nyheitssak frå NRK i vinter der Kollbotn var intervjua, der det kom fram at det i gjennomsnitt er snakk om ei forseinking på 17 år.

– Det betyr at i svært mange tilfelle er saka forelda, seier Amundsen til NTB.

Situasjonen i dag er at foreldingsfristen berre er fjerna for dei mest alvorlege seksualbrotsverka, som valdtekt og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Eit kunstig skilje, meiner SVs Petter Eide.

– Det skal ikkje vere mogleg for ein overgripar å gøyme seg bak ein foreldingsfrist når ei sak kjem opp etter mange år, seier Eide.

– Det er ikkje logisk slik det er i dag, at vi skal ha foreldingsfrist på seksualbrotsverk når vi samtidig veit at mange av desse sakene ikkje kjem opp før det er gått mange år.

Rettstryggleik for barn

Vestland Frp har tidlegare vedteke ein resolusjon om regelendring under sitt årsmøte.

– Dette vedtaket er ein stor siger for rettstryggleiken til offera der ute, seier stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp).

Leiar i Justiskomiteen Lene Vågslid (Ap) meiner ei fjerning av foreldingsfristen vil styrke rettstryggleiken til barn.

– Eg ser ingen gode grunnar til å ha foreldingsfrist for sekualbrotsverk mot barn, seier ho.

Forslaget ser likevel ikkje ut til å få støtte frå regjeringspartia.

Høgre viser i komitéinnstillinga til at Stortinget så seint som i november i fjor bad regjeringa om ein heilskapleg gjennomgang av foreldingsreglane for seksuallovbrot og vald mot barn. Foreldingsfristen bør etter Høgre sitt syn vurderast i samband med denne gjennomgangen.

Har åtvara mot oppheving

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen har tidlegare åtvara mot å oppheva foreldingsfristane.

– Eg fryktar konsekvensar som langvarige rettsprosessar som vil vere belastande for både tiltalte og fornærma. Faren vil vere at det fører til gale frifinningar og gale domfellingar. Og svake beviser kan medføre at kjensler i begge retningar blir avgjerande, har Larsen tidlegare uttalt til NRK.

– Det er ingen foreldingsfrist på traumer. Tida læger ikkje alle sår. Det har inga hensikt for den fornærma at den finst ein foreldingsfrist. At det har det for den tiltalte synest eg ikkje ein skal tenke på, seier Kari Kollbotn.