Hopp til innhold

Stortinget droppar asylbarn-gransking

Det blir inga gransking av kva som har skjedd med over 430 asylbarn og unge som har forsvunne og ikkje blitt leita etter sidan 2015.

Det vedtek eit fleirtal på Stortinget i dag. Dei vil heller ikkje sette i gong tiltak for å gjere livssituasjonen betre for unge asylsøkarar som bur på mottak.

Før jul var alle partia skaka då NRK avslørte at forsvunne asylbarn sjelden blir leita etter.

Blant dei var Agathe som forsvann då ho skulle ta buss mellom to mottak i Vestland.

No seier Høgre og Frp at dei er nøgde med at regjeringa har sett i gong eit arbeid som skal sikre at politiet, UDI og barnevernet samarbeidar betre.

Dei meiner ei gransking kan forseinke slike tiltak. SV, MDG, KrF, Venstre og Raudt er svært skuffa.

Det er også Redd Barna og Norges institusjon for menneskerettar, som peikar på at FN har kritisert Noreg fleire gongar for ikkje å ta godt nok vare på unge asylsøkarar.