Hopp til innhold

Stort jordras stengde fylkesveg

Eit stort stein- og jordras sperra fylkesveg 92 ved Eitreneset i Vik.

Raset på fylkesveg 92 i Vik

RASA: Slik såg det ut då geologen var på synfaring laurdag ettermiddag.

Foto: Øystein Strand Lohne/Statens vegvesen

SISTE: Vegen blei opna for fri ferdsel i 19-tida søndag.

Det var ein bilist som varsla om raset like før klokka eitt natt til laurdag.

– Det er eit stort ras som har kome over vegen. Entreprenøren var på staden i natt, men vi ventar på geolog før vi byrjar å rydda, seier trafikkoperatør Ove Amundsen ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Det er difor uvisst når vegen mellom Vik og Arnafjord opnar att.

Det må vere trygt før vi sender inn mannskap for å rydde, seier han.

Rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune seier det er omlag 150 personar som bur der og som ikkje kjem seg forbi rasstaden.

– Det er fleire som no nyttar båt for å komme seg ut av området. Kommunen avventar prognosen for når vegen kan bli rydda, før vi set inn eventuelle tiltak. Vi veit meir når geologen har vore i området, seier han.

Eitreneset