Hopp til innhold

Startar storkontroll av blodforgiftning på norske sjukehus

Fleire pasientar har døydd av alvorleg blodforgifting fordi dei ikkje har fått behandling i tide.

Hans Flaatten

ØNSKJER TILSYN VELKOMMEN: – Blodforgiftning er ein av dei meir dødelege situasjonane ein kan ha hjå pasientar på norske sjukehus, seier professor og overlege Hans Flaatten ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Det skjer framleis dødsfall som kunne vore unngått, fordi det sviktar rundt pasientar med sepsis-diagnose, seier assisterande direktør Heidi Merete Rudi i Statens helsetilsyn.

I 2010 oppretta dei ei varselordning og sidan då har norsk helsepersonell varsla om fleire dødsfall som følgje av sepsis, også kalla blodforgifting.

Statens helsetilsyn skal difor gjennomføra eit landsomfattande tilsyn i helseføretaka dei neste åra, for å sjå korleis diagnosen blir behandla på norske sjukehus.

– Innser alvoret for seint

Rudi meiner liv kunne vore redda om ein starta behandling for blodforgifting tidlegare.

– Dette er ein tematikk som me treng å sjå på i større breidde. Det er veldig ofte at ein ikkje innser alvoret i situasjonen når pasienten kjem inn, og at ein kjem for seint i gong med behandling.

– Når ein får ein sepsis-tilstand er det veldig viktig at ein startar antibiotikabehandling raskt. Og det ser me ofte at sviktar, forklarar Rudi.

Portrettbilde av Heidi Merete Rudi, assisterende direktør i Statens helsetilsyn

Assisterande direktør Heidi Merete Rudi i Statens helsetilsyn.

Foto: Magne Braaten/Statens helsetilsyn

Opp mot 12.000 tilfelle kvart år

På norske sjukehus er det i dag opp mot 12.000 pasientar kvart år som får sepsis.

Seinast i januar år fekk ein legevaktlege åtvaring for brot på helsepersonellova for feil vurdering av alvorleg helsetilstand.

Pasienten døydde av blodforgifting som komplikasjon til strikkbehandling av hemoroidar.

– Det er gode og anerkjente retningslinjer for korleis slike tilstandar skal behandlast, men det skjer framleis dødsfall som kunne vore unngått fordi det sviktar, fortel Rudi.

Positiv til tilsyn

Professor og overlege ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, Hans Flaatten, fortel at blodforgifting er ein hyppig og ofte svært alvorleg tilstand.

– Det er ein av dei meir dødelege situasjonane ein kan ha hjå pasientar på norske sjukehus. Det er langt høgare dødelighet samanlikna med til dømes slag og hjarteinfarkt.

Han ønskjer eit tilsyn ved norske sjukehus velkommen.

– Det gjeld ikkje berre pasientar som blir lagt inn. Om lag havparten utviklar sepsis medan dei er innlagt på sjukehus, så det er like mykje grunn til å ha interne rutinar.

Nasjonalt løft

Tilsynet som skal gjennomførast i 2016 og 2017 er av den tradisjonelle typen, der Helsetilsynet går gjennom journalar og intervjuar tilsette og leiarar om rutinar.

– Me håpar tilsynet vil bidra til at fagmiljø får auka merksemd på dette og at dei kan bruka funna til læra, seier Heidi Merete Rudi i Statens helsetilsyn.

Professor Flaatten ber folk sjølv også ta ansvar.

– Kor enn infeksjonen sit og kor triviell den enn kan vera, så kan den gi sepsis. Me har sett pasientar med vepsestikk som har fått alvorleg sepsis. Så det er viktig å auke folks forståing av dette.