Hopp til innhold

Marthe skada seg stygt på sykkel: Ulykka blei aldri registrert

Fleire skadar seg på sykkel, men forskarar veit lite om kvifor. No kan skadde syklistar frå Oslo og Bergen gi svar.

Marthe Hammer skadd sykkel

13 STING: Marthe Hammer måtte sy fleire sting i haka etter at ho falt på sykkel i vinter.

Foto: Privat

13 STING: Marthe Hammer måtte sy fleire sting i haka etter at ho falt på sykkel i vinter.

Foto: Privat

– Eg hugsar nesten ingenting frå ulykka. Det er eigentleg like greitt, for då hugsar eg ikkje smerta heller.

Marthe Hammer er tilbake på gang- og sykkelbrua ved Straumevegen i Bergen.

Bortsett frå eit støtteband rundt handleddet og nokre vage arr på haka, ser ein ikkje store teikn til det dramatiske som skjedde her i november i fjor.

Fylkestingspolitikaren frå SV var på veg til jobb då ho plutseleg falt og slo ansiktet i gelenderet på brua, før ho falt vidare ned på bakken med ansiktet først.

Resultatet blei 13 sting i haka, ei kraftig hjerneristing og brot i handleddet.

Marthe Hammer

Firebarnsmora fekk skjermforbod i to veker og blei sjukemeldt like lenge etter ulykke på denne brua.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Store mørketal

Sjølv om ulykka var så alvorleg at Hammer blei henta i ambulanse og køyrd til akuttmottaket, blei ikkje hendinga ein del av dei offisielle tala som gjeld ulykker på sykkel.

Det er nemleg berre dei sykkelulykkene som blir meldt til politiet som endar opp i offisielle statistikkar.

NRK har tidlegare fortalt at tala på skadde syklistar har auka dei siste 20 åra. Det er basert på SSB og Statens vegvesen sine tal, som igjen er basert på politirapporterte ulykker.

Derfor finst det store mørketal, seier Torkel Bjørnskau i Transportøkonomisk institutt.

– Det er 15 til 20 gongar så mange sykkelulykker som skjer enn som blir registrert. På Oslo skadelegevakt får dei inn rundt 2000 skadde på sykkel kvart år. Vel 90 av dei blir registrert i den offisielle statistikken, seier han.

Les også Eiel (18) syklar til og frå skulen – har størst sjanse for å bli hardt skadd eller drepen

Eiel Gjerstad syklar

Forskingsleiaren forklarar at sjølv om sjukehus og dei største legevaktene i landet skal registera og rapportera inn alle skader til Norsk Pasientregister, har det vore lite kontinuitet i arbeidet.

– I snitt er den kun 50% av sjukehusa som leverer inn tall. Det pågår eit arbeid for å betra denne registreringa, men tala inkluderer uansett ikkje kvar ulykka skjedde, fortel han.

Veit ikkje kvar syklistar skadar seg

Bjørnskau leiar eit forskingsprosjekt som skal gi meir kunnskap om kvifor og kvar sykkelulykker skjer i Noreg.

Til no har Kristiansand, Arendal og Flekkefjord vore med i prosjektet. Frå hausten av skal også Oslo og Bergen bli med.

– Om ein hadde hatt kunnskap om alle dei 2000 sykkelulykkene i Oslo, kunne ein kanskje sett at mange av dei skjedde same plass. Då kunne ein gått inn og gjort betringar, seier Bjørnskau.

Frå hausten kan pasientar på legevakta i Bergen og Oslo sjølv registera ulykka i eit digitalt skjema, der dei «pin-pointer» nøyaktig kvar det gjekk gale, på Google streetview.

Registrering sykkelulykke

Bilete viser korleis skadde kan registera nøyaktig kvar ulykka skjedde i Google streetview.

Foto: Skjermbilete TØI

Prosjektet førte til endringar i Kristiansand

I Agder fylkeskommune har dei fått rapportar frå TØI om sykkelulykker i eit halvt år.

Der er dei allereie i gang med å gjere endringar på ulike plassar i Kristiansand, fortel avdelingsleiar i fylkeskommunen, Ingen Ann Fidjestøl.

– Områda har vist seg å vera uryddige og uoversiktlege for syklistane. No jobbar me med å gjera kantsteinane tydlegare og trafikkbilete ryddigare.

Ho er glad for prosjektet har gitt dei innsyn i ulykker dei elles ikkje ville kjent til.

– Når me blir gjort oppmerksam på desse plassane forstår me jo kvifor fleire ulukker har skjedd der. Det er ein god måte å fanga problema på, seier ho.

Marthe Hammer

SV-politikaren, Marthe Hammer, skal eigentleg la sykkelen stå for å la handleddet få fred. Men så snart ho er frisk, vil ho tilbake på sykkelsetet.

Foto: Synne Sørenes

Høyrde om fleire som skada seg

Som nestleiar i trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune er Marthe Hammer nøgd med at prosjektet til TØI også har fått støtte frå dei.

I etterkant av ulykka har ho høyrt at fleire har skada seg på same bru. Men kor mange som har skada seg der, finst det ikkje tal på, enno.

– Eg veit ikkje om det er eg som var ein dårleg syklist den dagen, eller om det er noko med dekket på brua, eller konstruksjonen generelt, som gjer at den rett og slett er farleg, seier Hammer.

No håpar ho at dei som skadar seg vel å registrera seg på legevakta, slik at dei som gir pengar til trafikktrygging og bygging av sykkelvegar har meir kunnskap om kva dei bør bruka pengar på.

– Eg vil at så mange som mogleg skal velja sykkelen. Men då må det både følast og vera trygt. Derfor må me ha meir kunnskap om dette, seier ho.