Hopp til innhold

Store Iran-demonstrasjonar i Oslo og Bergen: – Håpar dette er revolusjonen

Syskenbarna til Mahsa Amini tok til tårene under protesten i Bergen. På Strømmen heldt Salim Haqiqi minnestund for sonen som har blitt drepen i opptøyane den siste veka.

Det har vore store protestar i Iran den siste veka, etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i moralpolitiet si varetekt førre fredag. Minst 50 menneske skal ha blitt drepne i opptøyane.

Grunnen til at ho vart stoppa skal ha vore at ho hadde på seg hijaben feil.

Laurdag samla fleire hundre personar seg på Torgallmenningen i Bergen og framfor Stortinget i Oslo for å demonstrera for kvinners rettigheiter i Iran.

– Det har vore ei djup sorg for heile familien, seier Sonya Aili om den siste veka. Ho er syskenbarnet til Amini og bur på Sotra utanfor Bergen.

Familien til Masha Amini, syskjenbarna Sonya Aili og Diako Aili, under ein demonstrasjon på Torgallmenningen

FAMILIE: Sonya (t.h. for midten) og Diako Aili (bak, i midten) er syskenbarna til Mahsa Amini.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Eg har og hatt skuldkjensle dei siste dagane, for eg har hatt så mange mogelegheiter her i Noreg. Ikkje berre ovanfor kusina mi, men heile folket i Iran, seier Diako Aili, bror til Sonya

Sonen vart drepen i opptøyane

I eit forsamlingslokale på Strømmen på Romerike var mange samla laurdag for å minnast Milan Haqiqi (21). Faren Salim Haqiqi bur i Noreg, og no har han mista den einaste sonen sin.

– I forgårs fekk eg beskjed om at broren min var drepen av iransk politi. Fem timar seinare fekk eg beskjed om at det var sonen min som var drepen. Militæret leverte liket med beskjed om at han måtte gravleggast innan éin time, utan folk til stades, fortel Haqiqi til NRK.

Zalim Haqiqi på minnestunda for sonen

Salim Haqiqi er i sorg over å ha mista sonen sin.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK
Zalim Haqiqi og sonen Milan
Foto: privat
Zalim Haqiqi (nr 2 frå høgre) med familien i minnestunda til sonen Milan (21)
Foto: Arnfinn Nygaard / NRK
Minnestund på Strømmen for Milan Haqiqi.
Foto: Lokman Ghorbani / NRK
Minnestund på Strømmen for Milan Haqiqi.
Foto: Lokman Ghorbani / NRK
Systera Melina Haqiqi (7) og stemor Beian Valizadeh

Halvsystera Melina Haqiqi (7) og stemor Beian Valizadeh

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Minst 50 demonstrantar er blitt drepne i opptøyane den siste veka, ifølgje Iran Human Rights.

– Det er vår rett at me kan gå laust slik, seier Beian Valizadeh, og held opp håret sitt. Tårene pressar på og ho held fram:

– At ein ikkje blir drepne for to hårstrå som er synlege. Det skal ikkje vera slik, seier Valizadeh. Ho er stemora til Milan.

Flere hundre demonstrerte foran Stortinget mot det iranske regimet. Markeringer flere steder i Norge.

Sjå innslaget i Dagsrevyen frå Oslo og Strømmen.

Tydeleg prega fetter

Diako Aili var tydeleg prega då han skulle tala til dei frammøtte på demonstrasjonen i Bergen.

– Då eg gjekk opp mot mikrofonen og såg eit bilete av kusina mi, byrja eg berre å tenkja på kor mykje eg tek for gitt, og kor trist det er at eit så ungt liv skal bli drepe for så lite som at eit menneske ikkje sjølv skal få velja kva det vil gå med, seier han.

Dei to syskena håpar det auka fokuset også utanfor Iran kan vera med på å endra situasjonen der.

– Me må dela det så mykje som mogeleg, slik at fleire blir opplyst. Det er veldig rart at me markerer det på grunn av kusina mi. Men det er og ein veldig fin ting at så mange har stilt opp i dag, seier Sonya Aili.

Fleire hundre møtte opp under demonstrasjonen for Masha Amini

Fleire hundre møtte opp på demonstrasjonen på Torgallmenningen laurdag.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Kvinnerevolusjonen har starta

Ho kallar dei som demonstrerer i Iran no for modige.

– Det er fleire kvinner som har teke av seg hijaben og brent den framfor politiet. Der risikerer dei verkeleg livet sitt. Det er utruleg fint å sjå at alle stiller opp og står saman om det, det er veldig viktig, seier Sonya.

Diako seier han ser at demonstrasjonane i Iran er annleis enn før.

– No står damer i front med menn bak seg som støtte. Det er mange fleire i gatene. Eg håpar verkeleg dette er revolusjonen og gjer at me får eit fritt Iran, seier han.

– Kvinnerevolusjonen har starta. Viss kvinner står saman kan ingen makt, ingen trussel, ingen våpen eller ingen religion stoppa dei, sa kommunestyrerepresentant på Askøy, Masoomeh Atashfaraz, til dei frammøtte.

Brende hijabar utanfor Stortinget

Også utanfor Stortinget møtte i dag fleire hundre personar opp for å støtta iranarar sin kamp mot prestevelde og ufridom, skriv NTB.

Blant dei frammøtte var mange eksil-iranarar, som på symbolsk vis kasta fleire hijabar og iranske flagg på bålet.

Støttedemonstrasjon for det iranske folk

Utanfor Stortinget i Oslo vart hijabar brende under demonstrasjonen laurdag.

Foto: Javad Parsa / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier på Twitter at han fordømmer Iran si brutale handheving av hijab-påbodet og er bekymra for kvinner sine rettar i landet.

– Min dypeste medfølelse med Mahsa Aminis familie i Iran og hennes slektninger i Norge. Jeg er svært bekymret for kvinners rettigheter i Iran og fordømmer iranske myndigheters brutale håndhevelse av hijab-påbudet, skriv Støre.

– Det betyr ikkje noko spesielt at Jonas Gahr Støre kondolerer. Det som betyr noko, er alle som kondolerer. Og at det sosiale engasjementet vårt har fått konsekvensar. Mahsa Amini sin død betyr noko, seier fetter Diako Aili til BT.