Hopp til innhold

Fleire døde i demonstrasjonar i Iran

Protestane etter at ei ung kvinne døydde i det iranske politiets varetekt, held fram i Iran. Ifølge ein statleg TV-kanal skal fleire titals personar vere drepne i demonstrasjonane.

Folk samla seg i gatene i Teheran onsdag 21. september.

Biletet skal vise iranske demonstrantar i Teheran onsdag. Der skal demonstrantane ha tent på politistasjonar og køyretøy i protest mot dødsfallet til ei 22 år gammal kvinne.

Foto: - / AFP

Demonstrasjonane i Iran starta etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i møte med det iranske moralpolitiet førre fredag.

Ho blei stoppa fordi ho skal ha hatt på hijaben på feil måte.

Dødsfallet utløyste protestar der kvinner klipte av seg håret og brente hijaben i protest. Folk gjekk også ut i gatene og ropte slagord mot regimet. Protestane spreidde seg raskt til fleire andre byar i landet.

Les også Mahsa sin far til NRK: – Styresmaktene snakkar ikkje sant

Amini på bilde hentet fra sosiale medier.

Leiar for Iran Human Rights (IHR) i Noreg, Mahmood Amiry-Moghaddam, seier dei aldri har sett eit så stort sinne mot regimet.

– Iran Human Rights har følgd situasjonen i Iran i over 15 år. Vi har hatt protestar tidlegare også, men vi har aldri sett så mykje sinne. Det er modige, unge menneske som står med tomme hender mot væpna soldatar, men dei gir seg ikkje, seier han til NRK.

Minst 50 personar skal ha mista livet i demonstrasjonane, melder den Oslo-baserte menneskerettsorganisasjonen Iran Human Rights.

Uroa for situasjonen

Irans president Ebrahim Raisi seier ifølge AFP at dødsfallet til Amini skal bli etterforska for å finne ut kva som skjedde, men Amiry-Moghaddam trur ikkje nokon kjem til å bli stilt til ansvar for det som skjedde.

– Iranske styresmakter gjer som dei vil med folket. Ingen blir stilt til ansvar, seier han.

-

Mahmood Amiry-Moghaddam i Iran Human Rights i Noreg meiner styresmaktene i Iran kjenner seg pressa.

Foto: PETTER BERNTSEN / AFP

Styresmaktene i Iran har dei siste dagane lagt sterke restriksjonar på internett og sosiale medium. Det gjer at det er vanskeleg å få ut bilete og informasjon om kva som går føre seg, seier IHR.

– Det gjer det mogeleg for regimet å drepe enda fleire. Sist det skjedde, i november 2019, blei det ifølge rapportar drepe opp mot 1500 menneske i løpet av tre-fire dagar, seier Amiry-Moghaddam.

Ber verdssamfunnet engasjere seg

Den iranske hæren seier fredag i ei fråsegn at dei vil gjere det dei meiner er naudsynt for å sikre tryggleik og fred i landet, melder Reuters.

Hæren seier demonstrasjonane er ein del av ein vondskapsfull strategi for å svekke regimet. Fredag skal det etter planen bli arrangert demonstrasjonar til støtte for regimet, melder statlege medium.

Les også Irans president nekta å snakka med CNN-journalist utan hijab

Manipulert bilde/bildecollage av Irans president Ebrahim Raisi og CNN-journalist og nyheitsanker Christiane Amanpour.

IHR meiner iranske styresmakter no kjenner seg pressa, og at dei gjer kva dei kan for å hindre at protestane skal spreie seg ytterlegare. Dei meiner difor det er viktig at det internasjonale samfunnet viser støtte.

– Dersom verdssamfunnet kjem på banen og viser støtte til det iranarane ønsker, vil det auke den politiske prisen på undertrykkinga. Endring skal kome innanfrå, og folk i Iran ønsker endring, det høyrer vi på slagorda, seier Amiry-Moghaddam.

Fordømmer vald

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) møtte Irans utanriksminister i New York torsdag. Då tok ho opp dødsfallet, og sa at det var viktig at hendinga blir etterforska og at dei som står bak blir stilt til ansvar.

– Det er urovekkande at fleire skal ha omkomme i samband med iranske tryggingsstyrkars reaksjonar på demonstrasjonane etter dødsfallet. Protestane gir eit kraftig signal til styresmaktene i Iran om at hijab-påbodet og dagens handheving av det er noko mange iranarar opplever og reagerer på som eit overgrep på fridomen til den enkelte, seier ho i ein e-post til NRK.

Også den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock har fordømd angrepa på demonstrantar i Iran.

– Vi står saman med dei modige kvinnene i Iran. Eit angrep på desse er også eit angrep på menneskeætta, sa ho til reporterar under FNs generalforsamling, ifølge AFP.

Les også Anonymous hevdar å ha stengt ned statlege medium i Iran

USA har også sett Irans moralpoliti på sanksjonslista etter at Amini døydde i deira varetekt, melder nyheitsbyrået. Dei seier dei set inn sanksjonar på grunn av misbruk og vald mot iranske kvinner og brot på menneskerettane til fredslege iranske demonstrantar.

SISTE NYTT

Siste nytt