Store forventningar til Nasjonal Transportplan i Vik

– Vi forventar no at Vikafjellet blir flytta fram til første del av Nasjonal Transportplan (NTP), seier Olav Turvoll som er ordførar i Vik.

Olav Turvoll

SPENT FØR NTP: Olav Turvoll (Sp) er ordførar i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Onsdag klokka 12 legg regjeringa fram Nasjonal Transportplan. I Vik er i alle fall forventningane høge.

– Dersom vi ser på det som vart sagt ved førre behandling av NTP, så reknar vi med at Vikafjellstunnelen er flytta fram til første del av planperioden, seier Turvoll.

Ved førre krossveg meinte dei som sat i Transportkomiteen på Stortinget frå Høgre, Frp og KrF at den raudgrøne regjeringa tok for lite i. Dei ville ha Vikafjellsvegen framskunda til første periode då, det vil seie den perioden vi no er inne.

– Slik sett så burde den vere komen i første del no, men vi har ikkje høyrt noko, seier Turvoll.

Mange lekkasjar

Tidlegare i vinter har regjeringa presentert ei rekke gladnyheiter frå den komande Transportplanen. Blant anna løyver regjeringa ein halv milliard til fjerning av flaskehalsen på E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular, dei har sett av 1,1 milliardar til rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, og 2,7 milliardar til Stad Skipstunnel for å nemne noko. Men så langt har det vore stille om Vikafjellet.

– Vi er jo litt nervøse sidan vi ikkje har høyrt noko lekkasjar. Vi svevar heilt i uvissa, men dersom ein skal kunne stole på politikarar, så må det kome ein god del, seier Turvoll.

Ikkje nøgd med rassikring

Åshild Kjelsnes

IKKJE NØGD MED RASSIKRINGSPOTTEN: Åshild Kjelsnes er leiar for Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Regjeringa har allereie varsla at dei vil bruke 24 milliardar kroner på rassikring den neste 12-års perioden.

– Det er vi ikkje nøgde med. Det er ein liten auke, men berre halvparten av det som må til for å sikre vegnettet innan 2030, seier Åshild Kjelsnes som er leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe.

Håpar på Strynefjellet

Sidan 2008 har ein jobba med å finne ei ny løsying for Strynefjellet. I Gode Vegar As har dagleg leiar Svein Sunde klare forventningar til kva som bør kome i Nasjonal Transportplan i morgon.

Svein Sunde

HÅPAR PÅ PENGAR TIL PLANLEGGING: Svein Sunde er dagleg leiar i Gode Vegar AS

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi ventar no at det no vert lagt inn føringar som gjer at Strynefjellet kjem med ny løysing tidleg i planperioden. Men det er klart vi manglar jo konseptvalet, det må også på plass før dei kan byrje å regulere den nye løysinga. Men vårt mål er få på plass planleggingsmidlar i første del av planperioden, seier Sunde.