Hopp til innhold

Stord og Vestland varmast i Noreg i dag

– Vestlandet har det varmast i dag, seier Siri Wiberg, vakthavande meteorolog med Meteorologisk institutt.

Aller varmast tysdag er det ved Stord lufthamn, der det blei målt 27,4 grader.

Dei neste stadane på topplista er også i vest: Kvamsøy og Ljøsne er på delt andreplass med 27,3 grader. Tredjeplassen går til Vossevangen med 27,1, og Etne og Sauda i Rogaland deler fjerdeplassen med 26,8 grader.

Så kjem Bergen med 26,5 grader målt ved Florida. Det er den varmaste dagen så langt i år.

Det er førebels ikkje snakk om vêrrekordar for enkeltdagar. Men snittemperaturen i Bergen for mai månad ligg an til å bli den høgaste på 135 år, då den ligg 5,2 grader over normalen.

– Viss det held fram med den same varmen, vil det bli ein rekordvarm mai. Florida i Bergen har snittemperatur på 15,3 grader hittil i mai. Førre rekorden var på 14,8 for heile mai, og den er frå 1889, så det er ganske lenge sidan, seier Wiberg.

Det varme vêret held fram nokre dagar, før det landet rundt kan bli litt kjøligare og vere høve for nedbør frå torsdag av. Nedbøren kan kanskje motverke den store brannfaren.

– Vi treng ein skikkeleg rotbløyte no. Men det kan også vere tore i desse byene, som ikkje er så gunstig når det er tørt i forkant, seier Wiberg.