Hopp til innhold

Stor skredfare fleire stader

NGI åtvarar mot lokalt stor snøskredfare i låglandet dei komande dagane. Også folk som skal til fjells må vere forsiktige.

Ras sperrar vegen til Menes i Balestrand

SPERRA VEGEN: Dette raset sperra vegen til Menes i Balestrand natt til onsdag. Det blir no varsla at det er auka fare for ras dei næraste dagane.

Foto: Arnstein Menes

Skredforskar Krister Kristensen seier kombinasjonen av mykje snø og mildvêr gjer at ein må rekne med at det går ein del skred i låglandet i dagane som kjem.

– Vi har gått ut med eit varsel om markert skredfare, det er hakket under stor skredfare, seier Kristensen og legg til:

– Men enkelte stader i låglandet er faren for skred stor.

– Det kan få alvorlege følgjer

Fleire stader har det snødd kraftig den siste tida. Dette går no fleire stader over til regn, noko som gjer at rasfaren i låglandet aukar. Kristensen seier det enkelte stader har kome godt over ein halv meter med snø.

– Dersom det kjem regn oppå denne vil det kunne utløyse skred. Truleg blir det ikkje dei store skreda, men det kan vere alvorleg nok dersom det kjem ned i utsette vegar for eksempel, seier Kristensen.

Han seier det er vanskeleg å seie noko heilt konkret om kor store skreda blir, eller kor dei vil gå. Dette fordi det er store lokale variasjonar i kor det har kome mykje snø.

Ber folk vere forsiktige

– Nokre stader har det kome mykje snø, medan det andre stader har kome mindre. Folk må sjølv vurdere kva som gjeld for det området dei skal ut i, seier Kristensen.

Han ber både folk som skal ut med bil langs vegane og folk som skal på tur i høgfjellet om å vere forsiktige.

Du kan sjølv finne ut meir om skredfaren i området der du skal ved å bruke testvarselet som er eit samarbeid mellom NVE, Meteorologisk institutt, Statens vegvesen, Jernbaneverket og NGI.

Torsdag ettermiddag er riksveg 13 over Vikafjellet stengd grunna ras, det same er fylkesveg 664 Fossebakken-Navelsaker. Denne vegen blir ikkje opna att torsdag.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER