Hopp til innhold

140 vil lære skredvarsling

Det er stor interesse for kurset i skredvarsling som Bratt moro skal ha onsdag.

Bratt skimoro

Skikøyringa i Sogndalsdalen blir tryggare med lokalt skredvarsel.

Foto: Tor Yttri / Bratt moro

Tysdag morgon hadde 140 meldt frå om at dei ville vere med på seminaret, der Markus Landrø og Birgit Rustad presenterer NVE si regionale skredvarsling.

Dei skal fortelje korleis varselet vert til, kva det inneheld og korleis skredfareskalaen fungerer.

Lokalt skredvarsel

Det skal etablerast ei lokal skredvarsling for Sogndalsdalen, og denne varslinga skal testast ut under Fjellsportfestivalen 21. til 26. februar. Då kjem det daglege skredvarsel for turmåla i Sogndalsdalen.

Fjellsportfestivalen 2010

Mange av dei som likar bratt moro vil lære seg meir om skredfare.

Foto: Fran Optun Smedegård / Bratt moro

– Viktig å ta vare på dei som kjem

– All merksemda kring fjella, fjellsportmiljøet og den gode snøen her har lokka mange til Sogn. Det er viktig at vi tek vare på dei som kjem hit, mellom anna ved å fokusere på tryggleik og auke bevisstgjeringa på kva ein kan gjere for å unngå å hamne i snøskred, seier Per-Odd Grevsnes i Bratt moro.

Skifolket sin redningsvest

Festivalsjef Knut Myking vil forklara korleis ein vil nytta snøskredvarslinga under Fjellsportfestivalen. Han har også planar om å demonstrera korleis ein skredsekk fungerer.

– Dette er skifolket sin redningsvest, og noko alle som køyrer bratte fjell bør investere i, seier Knut Myking.