Hopp til innhold

Varslar lokalt stor snøskredfare

Det er lokalt stor snøskredfare i Nordfjord tysdag og fram mot onsdag. Skredforskar ber folk vere forsiktige.

Vegen til Flo

STENGD: Vegen mellom Storesunde og Flo er tysdag ettermiddag stengd på grunn av fare for ras.

Foto: Arne Vik

Store nedbørsmengder gjer at faren for snøskred utover dagen vil auke monaleg i Nordfjord. I låglandet kjem dette som regn, men skredforskar Krister Kristensen seier nedbøren kjem som snø i fjellet.

– Vi har ein nordvestsituasjon med bygevêr og kraftig vind i fjellet. Lokalt vil det kome store nedbørsmengder, seier Kristensen.

Vegar stengde av ras og rasfare

Vêrvarslinga for Vestlandet har difor sendt ut OBS-varsel om auka fare for skred i områda Nordfjord og Sunnmøre. Dersom folk har tenkt seg ut i fjellet, bør dei vere forsiktige, oppmodar skredforskaren.

– No er det ikkje noko særleg turvêr akkurat no, men også når det klarnar opp vil snøen framleis kunne vere ustabil fleire stader, seier han.

Tysdag ettermiddag er to vegar i Sogn og Fjordane allereie stenge på grunn av ras og rasfare. På fylkesveg 723 mellom Bødal og Loen har det gått to ras, og lokalkjende folk trur det vil kome ned meir snømassar i løpet av dagen. Statens vegvesen seier vegen ikkje vil opne att dag.

Også fylkesveg 722 mellom Storesunde og Flo er stengd, her på grunn av fare for ras. Vegvesenet vil gjere ei ny vurdering her klokka 16.

Trur det vil kome fleire ras

Kristensen kan ikkje utelukke at det kjem til å gå fleire ras i området i løpet av dagen og mot onsdagen.

– Det vêret vi har no vil halde fram det næraste døgnet, og eg blir ikkje forundra om fleire vegar blir stengde, seier Kristensen.

Han rår dei som skal ut på vegane til å ha eit vake forhold til rasfaren. I hovudsak er det i Nordfjord og på Sunnmøre at rasfaren er høgast, men Kristensen meiner også folk i Sogn og Sunnfjord bør vere obs på problemstillinga.

Frå og med i dag kan du sjølv sjekke rasfaren i ei rekkje område i Norge. Skredvarslingssystemet er under utvikling og må brukast på eige ansvar.