Hopp til innhold

Stor kontroll: Nesten 1 av 3 produkt i nettbutikkane er ulovlege

28 prosent av kontrollerte produkt i norske nettbutikkar inneheld for mykje helse- og miljøskadelege stoff. Det viser ny stikkontroll gjort av Miljødirektoratet.

Tolloverinspektør Per Otto Smithsen med beslaglagte leker.

FEIL OG MANGLAR: I fjor viste BEUC-rapporten at to av tre produkt kjøpt frå blant andre Amazon, AliExpress, eBay og Wish hadde alvorlege feil og manglar.

Foto: Asjørn Berge / NRK

Produkta i undersøkinga vart handla inn frå norske og utanlandske nettbutikkar som retter seg mot den norske marknaden.

I ein «risikobasert kontroll» avdekka Miljødirektoratet ein rekke stoff som i utgangspunktet er strengt regulert. Mellom anna stoff som er kreftframkallande, hormonforstyrrande eller som kan gi fosterskadar og skade forplantningsevna.

Dette tyder på at verksemdene ikkje gjer ein god nok jobb med å avdekke ulovlege produkt sjølv, seier Mathieu Veulemans, som er seksjonsleiar for produkttilsyn i Miljødirektoratet.

Mathieu Veulemans

IKKJE GODT NOK: – Dette tyder på at verksemdene ikkje gjer ein god nok jobb med å avdekke ulovlege produkt sjølv, seier Mathieu Veulemans i Miljødirektoratet.

Foto: Miljødirektoratet

Vil følge opp saka med inspeksjonar

Nettbutikkane har fått pålegg om å fjerne produkta frå marknaden, og Miljødirektoratet varslar at dei vil følge opp saka med inspeksjonar.

Ingrid Næss-Holm er fagsjef i Framtiden i våre hender. Ho kallar funnet «skremmande» og «oppsiktsvekkande».

Dette er utruleg høge tal. Frå før er det avdekka ulovlege varer utanfor EU. Det oppsiktsvekkande her er at det handlar om norske og europeiske nettbutikkar, og at det handlar om utstyr til barn.

Loven seier at det er verksemda sitt eige ansvar å sørge for at produkta dei kjøper og sel er lovlege.

I fjor viste BEUC-rapporten at to av tre produkt kjøpt frå blant andre Amazon, AliExpress, eBay og Wish hadde alvorlege feil og manglar.

Det er viktig at forbrukarane forsikrar seg om at det dei kjøper samsvarer med norske og europeiske produktkrav, seier Jarle Hammerstad, leder for handelspolitikk i Virke, handels- og tenestenæringa hovudorganisasjon.

Han legg til:

Norske handelsaktørar tar dette på alvor, men Miljødirektoratet og andre offentlege etatar som fører tilsyn bør få meir ressursar til det arbeidet.

LES OGSÅ: 2000 kilo med falske leikar vart oppdaga av tollvesenet i Kristiansand.

Ingrid Næss-Holm

SKREMMANDE: Ingrid Næss-Holm i Framtiden i våre hender kallar rapporten for «skremmande» og «oppsiktsvekkande».

Foto: Privat

– Eit stort ansvar

Dette viser at det er behov for relevant og tydeleg informasjon retta mot verksemder om kva som er ulovlege helse- og miljøskadelege stoff. Vårt inntrykk er at våre medlemmer er svært opptatte av å halde seg innanfor lovverket som gjeld. Nettbutikkar som importerer og sel produkt har, som alle andre verksemder, eit stort og lovpålagt ansvar, slik Miljødirektoratet påpeiker, seier Linda Vist, direktør for handel i NHO Service og Handel.

Gunstein Instefjord er leiar for Forbrukarrådet.

– Dette var eit veldig skuffande resultat, seier han.

Han legg til:

– Handlar du i butikkar utanfor EU/EØS, som Kina, USA og Taiwan, er det ditt ansvar å sørge for å dokumentere at produkta tilfredsstiller europeiske krav om helse, miljø og tryggleik. Om du sel vidare eller gir bort vara, står du som ansvarleg.

Gunstein Instefjord er leiar for Forbrukarrådet.

SKUFFANDE: – Dette var eit veldig skuffande resultat, seier Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukarrådet

Forbrukarrådet åtvarar om nettbutikkar

I november åtvara Forbrukarrådet om nettbutikkar i «norsk drakt», det vil seie utanlandske butikkar der tekst, logoar med norske flagg og ordet «norsk»-et-eller-anna er i webadressa.

Miljødirektoratets kontroller viser utanomeuropeiske nettbutikkar i større grad sel ulovlege produkt enn butikkane innanfor EU/EØS.

I tillegg vil du som kunde miste forbrukarrettene dine – og i praksis få importøransvar.

For å hjelpe forbrukarar har Forbrukarrådet og Miljødirektoratet i samarbeid publisert ei liste over ofte besøkte nettbutikkar som ved første augekast ser norske ut, men som ikkje er det (sjå faktaboks).