Hopp til innhold

Stor interesse for norsk behandling av long-covid, men finansieringa er i det blå

Behandlinga som førte Grete Alræk Iversen tilbake i jobb får no internasjonal merksemd. Men Noreg har ikkje bestemt seg for dei vil satse på opplegget.

Trening er ein del av behandlingsopplegget til Helse Hardanger.

BEHANDLING AV LONG-COVID: Dette er ei av gruppene som fekk behandling hos Helse Hardanger i Øystese.

Foto: Oddgeir Øystese

– Helst vil eg at det kjem nokon hit for å starte opplæring i metoden så snart som mogeleg.

Det seier Helena Liira til NRK. Ho leier eit EU-finansiert forskingsprosjekt på long-covid. I tillegg er ho professor ved Helsinki University Hospital.

Den finske professoren seier det enno er mykje ein ikkje veit om etterverknadene kring covid. Og kring korleis dette skal behandlast.

– Men det norske opplegget kan dokumentere særs gode resultat.

Professor Helena Liira ved Helsinki University Hospital

Professor Helena Liira

Foto: privat

– Ikkje vore frisk utan

Nyleg vart resultata publisert i eit anerkjend vitskapeleg tidsskrift.

Der er Grete Alræk Iversen ein del av statistikken. Etter at ho vart smitta på jobb for Leger Utan Grenser i Afghanistan klarte ho ikkje å bli frisk.

Iversen vart ei av dei første som fekk delta på behandlingsopplegget i regi av Helse Bergen.

Grete Alræk Iversen

Grete Alræk Iversen kom tilbake i full jobb etter intensive behandlingsdagar

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg merka betring ganske raskt. Eg fryktar at eg framleis hadde vore sjukemeldt om eg ikkje hadde fått vere med på dette opplegget.

På behandlingsstaden i Hardanger får pasientane intensiv oppfølging over tre dagar, og vert følgt opp digitalt i eit år etterpå. Behandlinga er tverrfagleg og er tilpasset de spesifikke utfordringane kvar enkelt slit med.

Vi sørger for at kvar enkelt pasient får ein skreddarsydd tilpassing av behandlinga kor dei trener på å ta nye mikroval i tilsynelatande enkle daglegdagse situasjonar med mål om å auke funksjonsnivået, seier Bente Frisk, prosjektleiar i behandlingsopplegget.

Så godt som alle som har fått delta på tilbodet har liknande positive erfaringar som Iversen.

Ho er sjølv lege, og seier ho håper behandlinga vert eit tilbod for alle som slit med etterverknadane etter covid.

Interesse frå fleire land

På eit kontor på Haukeland i Bergen er det travle dagar for Bente Frisk og Marte Jürgensen.

Dei to opplever at stadig fleire får auga opp for opplegget dei har vore med utvikle.

– Mange tek kontakt for å få vite meir. Dei vil ha opplæring og lurer på korleis dei kan ta det i bruk.

Frisk seier dei stadig får førespurnader om å presentere metoden på ulike konferansar rundt om i verda.

Allereie er det interesse for å ta metoden i bruk frå ulike helseføretak i Noreg, og frå land som Finland, England og Frankrike.

Marte Jürgensen frå Haukeland Universitetssjukehus (t.v.) og Bente Frisk frå Høgskulen på Vestlandet.

Overlege ved psykiatrisk klinikk på HUS, Marte Jürgensen, saman med prosjektleiar og fysioterapeut Bente Frisk ved HVL.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Jürgensen har vore med på å vidareutvikle den konsentrerte behandlinga som opphavleg var til behandling for psykiske tvangslidingar, OCD.

Ho trur det er mogeleg å raskt eksportere behandlingsopplegget for long-covid til fleire land.

– Eg tenker at andre fagmiljø heilt klart kan få dei same resultata. Men det avhengig av at ein får god opplæring.

Usikker framtid

Trass i internasjonal merksemd er det ikkje sikkert at opplegget har ei framtid her i Noreg.

I januar stoppa Helse Bergen prosjektet av økonomiske årsaker. Dei måtte sette det på vent medan mange sto på venteliste for å få delta.

No er dei i ein anbodsprosess for å kanskje få starte opp att.

Difor er Jürgensen forsiktig då NRK spør om kva ho tenker om at framtida og satsinga frå det norske helsevesenet.

– Vi har stor tru og stort håp om at dette vert tilgjengeleg på ny. Både gjennom Helse i Hardanger og i andre helseføretak.

Og om ikkje i Noreg, kanskje den norskutvikla metoden vert vanleg utanfor grensene våre.