Hopp til innhold

Stoppar behandling av pasientar med «long-covid» – trass gode resultat

Tronge budsjett gjer at det ikkje er pengar til å fortsetja. Dei som står bak pilotprosjektet fortviler, men gjev ikkje opp.

Trening er ein del av behandlingsopplegget til Helse Hardanger.

LONG COVID: Mange slit med fysikken etter å ha hatt covid-19. På behandlingssenteret som ligg i Øystese får pasientane først sjekke den fysiske helsa si gjennom ulike testar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I regi av Helse Bergen har Helse i Hardanger tilbydd hjelp til personar frå heile landet som har slite med tungpust og utmatting etter covid-19-infeksjon.

Behandlingssenteret ligg rett ved Hardangerfjorden i Øystese i Kvam. Sidan april 2021 har dei hatt dette tilbodet.

– Vi har veldig spennande resultat. Vi ser at sjukemeldingane går ned. Dei kjem tilbake i jobb og tilbake til det livet dei hadde før covid, seier prosjektleiar Bente Frisk.

Men no er altså tilbodet stoppa.

Lovprisar opplegget

Pasientar som ikkje blir kvitt plagene har kunna fått intensiv og tett oppfølging over fleire dagar, tilpassa deira personlege behov.

Ein metode som eigentleg er utvikla til psykiske tvangslidingar, men som ein altså kan bruka til andre helseproblem og.

Hans Gunnar Hagen er ein av pasientane som lovprisa opplegget i Øystese då NRK møtte han i fjor.

– Det er gull verdt og det har gjort kvardagen min mykje lettare. Eg hadde ikkje vore der eg er no utan dei, seier han.

Hans Gunnar Hagen

Hans Gunnar Hagen har slite med etterverknadene etter covid-19. Han lovprisar behandlingsopplegget.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mange på ventelista

Prosjektleiar Frisk seier det var mange som stod på ventelista med håp om å få behandling.

No får dei beskjed om at ingen fleire får plass.

– Vi ser at det er eit stort behov.

Ho får telefonar frå fortvila pasientar som ønskjer hjelp.

– Det skjer kvar veke at folk ringer og høyrer om det er mogleg å sleppa til hos oss. Folk frå heile landet.

Testrommet i Helse i Hardanger

Bente Frisk viser fram testrommet til Helse i Hardanger.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Har ikkje pengar

Men i eit trongt budsjett har ikkje Helse Bergen funne pengar til å vidareføra det som i utgangspunkt er eit pilotprosjekt.

– Vi har vore med på reisa, og det er utvikla spennande tenester som sannsynleg kan bety noko for framtida, men vi har ikkje økonomi til dette prosjektet no, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Eivind Hansen

Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.

Foto: Henrik Hauken / NRK

Framleis håp

Men alt håp er ikkje ute for opplegget til Helse i Hardanger.

Eit nytt behandlingstilbod for kolspasientar er oppe og går. Og dei håper å få opp att tilbodet til dei med «long covid».

– Det vanlege i helseføretaka er jo at det tek litt tid å få nye ting inn i ordinær behandling, seier Frisk.

Difor samlar ho no så mange resultat som mogeleg, og håper å kunne tilby intensiv behandling for «long covid» i løpet av året.

– Mellom anna vil vi søke på framtidige anbod i Helse Vest.

Hardangerbadet i Øystese, tatt rundt åpning desember 2019

Behandlingssenteret ligg rett ved Hardangerfjorden i Øystese i Kvam.

Foto: Tale Hauso