Hopp til innhold

I dette området døydde over kvar fjerde oppdrettsfisk i fjor

52 millionar fisk døydde i norske oppdrettsanlegg i fjor. No meiner Mattilsynet og oppdrettarar at dødelegheit skal straffe seg.

Oldeide mot Måløy

LAKSEDØD: Området frå Nordhordland til Stad var området med høgast dødelegheit blant oppdrettsfisk i Noreg i fjor. Bildet er tatt frå Oldeide i retning Måløy.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Om lag kvar sjette fisk døydde i norske oppdrettsanlegg i fjor, viser fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet.

– Det er sløsing av ressursar. Ein akseptabel dødelegheit vil vere under 5 prosent, seier avdelingsdirektør i Veterinærinstituttet, Edgar Brun.

Talet har heldt seg stabilt i fleire år. Men i sonen frå Nordhordland til Stad på vestlandskysten, opplevde oppdrettarane ein stor oppgang i dødelegheit.

Heile 27,2 prosent av fisken her døydde før slakting i fjor, opp frå 19,4 prosent i 2019.

Dødelegheit for oppdrettsfisk i 2020 målt i prosent. Produksjonsområde 4 som strekk seg frå Nordhordland til Stad er merka raudt, og hadde den høgste dødelegheita i fjor.

Høge dødstal skal straffe seg

No meiner Mattilsynet at høg dødelegheit i merdene skal straffe seg.

I dag blir oppdrettarar pålagde å redusere produksjonen sin viss det er for mykje lakselus i området, gjennom det såkalla trafikklyssystemet.

I framtida bør også høge dødstal spele inn i dette systemet, meiner dei.

– Vi har spelt inn til Nærings- og fiskeridepartementet sitt arbeid med ny havbruksstrategi at det bør vurderast om også dødelegheit bør bli ein del av systemet som regulerer produksjonskapasitet.

Det seier seksjonssjef for fiskehelse i Mattilsynet, Friede Andersen.

Ho meiner at ein effekt av dagens trafikklyssystem er at næringa har for mykje fokus på å få bukt med lusa. Det har ført til overbehandling og meir laksedød, meiner ho.

Den årlege Fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet peikar på lusebehandling som ein viktig årsak til død blant oppdrettslaks.

Even Søfteland.

BEKLAGAR: Even Søfteland representerer oppdrettarar i produksjonsområde 4, og beklagar den høge dødelegheita i området.

Foto: PRIVAT

Oppdrettarar er einige

Høg førekomst av lus tvang oppdrettarar på Vestlandet til å redusere produksjonen i 2019.

Ordninga er omstridt, så 25 oppdrettarar protesterte. Dei gjekk til sak mot staten, men tapte i førre veke.

Even Søfteland er talsperson for dei 25 oppdrettsselskapa, og er einig i at dødelegheit må spele ei rolle i trafikklyssystemet.

– Då får vi diskutert heilskapen og alle forhold vil kome på bordet kring kva som verkeleg vil styrke fiskehelsa.

Han etterlyser meir fleksibilitet i regelverket. Til dømes ønskjer oppdrettarar å flytte produksjon frå eitt anlegg til eit anna om det oppstår problem med lus eller smittsame sjukdommar i eit anlegg.

Søfteland innrømmer at næringa har eit stort betringspotensial, men trur ikkje den høge dødelegheita er eit resultat av dårleg drift.

– Ingen tener på dårleg fiskehelse. Å styrke den er eit konstant fokusområde, men av og til går det feil veg. Utfordringa er at vi ikkje klarar å peike på éi, felles enkelthending, men fleire som slår til samtidig, seier han.

Han trur at å senke produksjonen vil ha ein negativ effekt på dødstala.

– Å senke produksjonen vil ikkje løyse problemet, men vil bidra til å svekke bedriftene økonomisk slik at dei ikkje har dei ressursane som skal til for å løyse utfordringa.