Hopp til innhold

Meinte «raudt lys» kosta dei hundrevis av millionar – i dag tapte dei i retten

Fiskeoppdrettarar på Vestlandet hevda dei tapte 430 millionar kroner på eitt år. Staten meinte det var rett å tvinge dei til å redusere produksjonen. I dag kom dommen.

Rettsaka i Sogn og Fjordane tingrett mellom staten og oppdrettarar.

I RETTEN: Bilete frå rettssaka mellom oppdrettarane og staten i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

– Me hadde ei tru på at me kunne vinne fram, fortel talsperson for oppdrettarane, Even Søfteland.

25 oppdrettarar på Vestlandet saksøkte Nærings- og fiskeridepartementet.

Grunnen er trafikklyssystemet, som vart innført for å få verne villaksen mot lakselus. I 2019 vart laks- og aureprodusentane pålagde å redusere produksjonen med 6 prosent.

– Dette svarar til mellom 9 og 12 000 tonn redusert produksjon. Vi har estimert at det er eit verdiskapingstap på 430 millionar kroner i året, seier Søfteland.

Mowi-anlegg

RÅKA: Lakseoppdrettaren Mowi er ein av dei som gjekk til sak mot staten. Bildet er frå anlegget Brunsvik i Kinn kommune.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I dag kom dommen der det vart klart at oppdrettarane tapte saka. No må dei 25 selskapa frå Vestlandet betale nesten 1,8 millionar i saksomkostnadar.

– Me har ikkje lest dommen i detalj enda, men det ser ut som at vi taper på den generelle innfallsvinkelen om at staten har rett uansett, seier Søfteland.

Usamde om raudt lys

For å få bukt med luseproblemet innførte staten eit trafikklyssystem, og delte produksjonsområda langs kysten opp etter farge. Områda med mest lus fekk raudt lys, og måtte dermed redusere produksjonen.

Frå før har oppdrettarane ei maksgrense på kor mykje fisk dei kan ha i sjøen samtidig.

Striden stod om kor vidt området frå Nordhordland til Stad burde vere raudt, eller ikkje.

– Vi er usamde i det faglege grunnlaget for at oppdrettarane i dette området fekk raudt lys i 2019. Vi går til sak for å få erkjent dette ugyldig, sa Søfteland til NRK når dei gjekk til sak.

Regjeringsadvokat Hilde Lund, som representerer staten, viste på si side til at regjeringa fekk oppretta ei eiga ekspertgruppe som har vurdert ulike faktorar i saka.

– Ekspertgruppa kom til ein konklusjon som vi meiner er korrekt, uttalte Lund.

Regjeringsadvokat Hilde Lund

– KORREKT: Regjeringsadvokat Hilde Lund, som representerer staten, meiner den faglege vurderinga som ligg til grunn for trafikklyssystemet er korrekt.

Foto: Rahand Bazaz/NRK

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har tidlegare forklart det raude lyset på delar av Vestlandet slik:

– Vi har eit stort ansvar for å ta vare på villaksen i Noreg. For første gong vil vi redusere produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre tilhøve, sa han.

Søfteland seier oppdrettarane har følgt reglane, men reagerer på at dei likevel hamna i raud sone.

– Det er ikkje berre enkeltbedrifter som blir ramma, det er ei heil gruppe. Det blir som om naboen køyrer for fort og blir tatt, så får alle i gata dommen saman, slår han fast.

Ville ha erstatning

Då oppdrettarane gjekk til sak ville dei krevje erstatning dersom dei vann fram med krava sine. Dei meiner mindre produksjon gir alvorlege ringverknader for både leverandørar og lokalsamfunna. Kor mykje det var snakk om hadde ikkje Søfteland tal på.

– Men at det blir dyrt, det er det ikkje tvil om. Vi snakkar om mange hundre millionar kroner, sa han.

Kjem til å anke

Dagens tap ser ikkje ut til å vere enden på kampen for oppdrettarane, no tek dei saka vidare.

– Når vi valde å gå til sak mot staten, var vi einige om at vi ikkje kunne sjå vekk ifrå at vi måtte gjennom alle tre rettsinstansar, seier Søfteland.

– Vi er med godt mot og kamplystne som næring, legg han til.