Hopp til innhold

Stolte av ny Tysklands-proff

Gustav Valsvik blir etter alt å dømme utlandsproff om kort tid. Dei tidlegare klubbane Vik IL og Sogndal er stolte av at han no får prøve seg i utlandet.

Gustav Valsvik

UTLANDSPROFF: Gustav Valsvik er ikkje langt unna ein overgang til Eintracht Braunschweig på tysk andrenivå. Dei siste to åra har han vore i Strømsgodset, men før det var han fire år i Sogndal.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ingen kontrakter er signerte enno, men det skal vere semje om at overgangen skal skje. Det er stort for Vik IL og Sogndal, som er klubbane som forma 23-åringen til å bli ein sterk stoppar på seniornivå.

Jarle Christensen har både spelt med, og vore trenar for, Gustav Valsvik i Vik IL. Når Valsvik no skal spele for Eintracht Braunschweig på tysk andrenivå, er Christensen stolt.

– Det er kjempekjekt og eg er stolt på vegne av fotballen i Vik. Og for kompisane er det kjekt, for dei veit at dette er noko Gustav alltid har hatt lyst til, seier Christensen.

Vik-trenar Jarle Christensen

NATURLEG: Jarle Christensen i Vik IL har følgd utviklinga til Valsvik og er ikkje overraska over at han no skal spele i utlandet.

Foto: Rune Målsnes

Var ikkje snill

Han er ikkje overraska over at Valsvik no tar eit nytt steg oppover i karriera.

– Det er ei naturleg utvikling for han etter at han har hatt to gode sesongar i Strømsgodset, seier Christensen.

Gustav Valsvik var ein viktig del av 3. divisjonslaget til Vik IL då han var femten år, og var ikkje redd for å vise seg fram.

– Han kom inn og hadde ikkje hua i handa. Han tok tak tidleg og ga beskjed til dei rundt seg, heilt frå første gang han kom inn på A-laget til Vik, seier Christensen.

Vil dryppe på Vik og Sogndal

Egil Mundal

HAR TRUA: Egil Mundal i Sogndal Fotball trur Gustav Valsvik kan klare nivået i Tyskland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er først av alt veldig kjekt for Gustav sjølv at han får prøve seg på profflivet i utlandet. Og så er det jo kjekt for både Vik og Sogndal at det vil dryppe litt på oss òg, seierdagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

I profesjonelle overgangskontrakter er det vanleg at ein liten del av overgangssummen går tilbake til tidlegare klubbar. Dette er på grunn av at tidlegare klubbar har tatt del i utviklinga av spelaren.

– Det er ein begrensa sum, sett utifrå kjøpesummen. Men på alle overgangane som skjer i løpet av ein tiårsperiode, blir det nokre millionar av det, seier Mundal i Sogndal.

Christensen i Vik er ikkje sikker på kva pengar som vil komme.

– Det veit eg ikkje. Han var så ung då han gjekk til Sogndal, så eg trur dei sit att med litt meir. Men det er fint dersom noko kjem til oss òg, seier Christensen.

Teikn på god utvikling

Mundal i Sogndal meiner at Valsvik sin overgang til tysk fotball er eit teikn på at Sogndal har gjort ein god jobb.

– Det viser at utviklingsarbeidet vårt er godt og kan produsere gode spelarar. Gustav er ein vinnartype, og eg trur han er klar til å meistre dei utfordringane han vil møte på det nivået, seier Mundal.