Hopp til innhold

Sterk auke i utmeldingar frå kyrkja etter prestebråket

14 personar har meldt seg ut av kyrkja i Sogndal dei siste fem dagane. Det er dobbelt så mange som hittil i år. Kyrkjeleiar trur prestebråket er årsaka.

Mikael Bruun og Per Hilleren

BEKLAGAR: Leiar i det kyrkjelege fellesrådet i Sogndal, Per Hilleren, tykkjer det er trist at folk melder seg ut av kyrkja. Den omstridde presten Mikael Bruun t.v.

Foto: Bjørn Sølsnes, Sogn Avis / NRK

– Det er beklageleg og trist at folk har meldt seg ut. Det kan vel tyda på at det er reaksjonar på denne saka, seier Per Hilleren, leiar i Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Saka er debatten i Sogndal etter at det vart allment kjent at deira eigen sokneprest, Mikael Bruun, ikkje anerkjenner kvinnelege prestar.

Det er Bjørgvin bispedømme som har gitt NRK tala som syner at 14 heimehøyrande i Sogndal har meldt seg ut av Den norske kyrkja dei siste fem dagane.

NRK er også kjend med at folk andre stader i Vestland har meldt seg ut som ein følgje av striden om de teologiske synet til sokneprest Mikael Bruun.

Før 27. august var talet sju – for heile 2020.

Ønskjer sakleg debatt vidare

Hilleren vil ikkje spekulera i om det er sak eller person som ligg til grunn for utmeldingane, men han skulle ønskja det vart ein sakleg debatt framfor det han tykkjer er angrep på Bruun som person.

– Ein del av kommentarane er direkte ufine. Det er trass alt menneske det handlar om. Skal me ha eit godt demokrati, så må me også ha rom for slike meiningar. Eg er ikkje samd i alt han seier, men det er saka me skal diskutera og ikkje person, seier Hilleren.

Mikael Bruun sto fram med sitt syn på Dagsnytt 18 sist torsdag.

Det skjedde etter at domprosten i Tromsø først tok til orde for at dei som ikkje vil dele «alterfellesskap» med kvinnelege prestar, ikkje bør bli tilsett i Den norske kyrkje.

I praksis vil det seie mannlege prestar som ikkje vil dele nattverd og ha gudsteneste saman med kvinnelege kollegaer.

– Veldig ubehageleg

Tysdag var staben på kyrkjekontoret i Sogndal kalla inn til møte og temaet for møtet blei striden rundt soknepresten.

Prost Geir Paulsen legg ikkje skjul på at det har kome krav frå fleire om endringar i stillinga til Bruun.

– Det er jo ei sak som eigentleg ikkje høyrer heime på vårt bord, for prestane er ikkje tilsett lokalt. Dei er tilsett av bispedømerådet. Det er ytra ønskje om endringar, men ikkje frå staben.

Prosten innrømmer at stemninga blant dei tilsette har vore anspent sidan saka tok av i media, ikkje minst med svært mange kommentarar i sosiale medium.

– Nokon tykkjer det er veldig ubehageleg. Det er ikkje å leggje skjul på, seier Paulsen.

NRK har vore i kontakt med Mikael Bruun tysdag, men han ønskjer framleis ikkje å kommentere det som kjem fram.

– Det er ein konflikt

Foreldra til 26 konfirmantar i Sogndal har varsla at dei ikkje ønskjer at Bruun skal delta i konfirmantundervisninga.

Det er eit krav prost Geir Paulsen ikkje stiller seg bak.

– No er det slik at konfirmantundervisning er soknepresten sitt ansvar, fagleg og innhaldsmessig. Det står ikkje på vår agenda at han skal ut av det teamet då som jobbar med konfirmantar.

Han meiner derimot konfirmantane må tole å møte ein prest som tenker annleis.

– Det er ein konflikt. Men vi er opptatt av som stab og eg som prost av at her må vi kunne møtast.