Hopp til innhold

– Det må vere rom for å ha ulikt syn på kvinnelege prestar

Soknepresten Mikael Bruun fryktar at han skal verte tvungen til å slutte i Den norske kyrkja om han i framtida vert pålagt å ta nattverd eller medverke aktivt i gudstenester med kvinnelege prestar.

Mikael Bruun, sokneprest i Sogndal.

KONSERVATIV: Sokneprest i Sogndal, Mikael Bruun, er tydeleg på at han meiner at bibelen slår fast at kvinner ikkje kan vere prestar.

Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Klokka 13.34 laurdag 29. august har NRK endra tittel og ingress i denne saka. I ein tidlegare versjon hadde vi tittelen: «Vurderer å slutte som prest dersom han blir tvungen til å jobbe saman med kvinnelege kollegaer» og ein ingress som sa følgjande: «Den konservative soknepresten Mikael Bruun vurderer å slutte i Den norske kyrkja om han må jobbe med kvinnelege kollegaer.» Bruun presiserer overfor NRK at han jobbar godt saman med ein kvinneleg kollega i dag og at han ikkje vurderer å slutte som prest. Utspelet hans har utspring i ein teologisk debatt, der han fryktar at konsekvensen kan verte at han vert tvungen til å slutte om dagens praksis vert endra.

– Prestetenesta er øyremerkt menn. Når vi les Guds ord, så tenker vi at guds ord er evig, uforanderleg og står fast og kan ikkje endrast, seier Mikael Bruun.

I Dagsnytt 18 denne veka gjentok soknepresten i Sogndal at han ikkje vil ha liturgisk fellesskap med kvinnelege prestar.

Debatten om kvinnelege prestar har dukka opp på ny, etter eit debattinnlegg i Vårt Land 12. august.

Der skriv Stig Lægdene, domprost i Tromsø, at Den norske kyrkja «legitimerer kvinnediskriminering» ved å halde oppe strukturar som gjør det mogeleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar.

«Praksisen er uhaldbar moralsk og teologisk», skriv han, og etterlyser ei prinsipiell klargjering frå Den norske kyrkja.

Sjefen for dei norske biskopane, Olav Fykse Tveit, har varsla at kvinneprestmotstand og ordinasjonsnekt vil bli diskutert på Bispemøtet i oktober.

Vil ha slutt på ordning

Mikael Bruun tilhøyrer eit mindretal av norske mannlege prestar som meiner dei må kunne halde fram med å nekte å utføre oppdrag saman med sine kvinnelege kollegaer, som gudstenestedeltaking og nattverdsutdeling.

– Når det har eksistert kvinnelege prestar i 60 år, så er det nær 2000 år der det ikkje har vore kvinnelege prestar, seier han.

– Men det betyr jo at likestillingslova ikkje er så sterk i Den norske kyrkja som elles, og det meiner du er greitt utifrå at du vil vere bokstavtru mot skrifta?

– Likestillingslova opnar for det vi kallar sakleg diskriminering i nokon tilfelle. Dette handlar ikkje om kvinnesyn, men det handlar om det vi kallar embetsteologi. Altså teologien om kven som kan vere prest utifrå dei kriteria som bibelen gir.

Gyrid Gunnes

FORSKAR: Gyrid Gunnes er ei av dei som reagerer på utspelet til Bruun.

Foto: Mirjam Svendsen / NRK

Vil vurdere å slutte

Bruun og hans likemenn møter også motbør frå prest og forskar Gyrid Gunnes. Ho meiner kvinnelege prestar blir diskriminert.

– Du blir til sjuande og sist ein andrerangs arbeidstakar før Den norske kyrkja anerkjenner fullt ut at ein ikkje skal ordinere mannlege prestar som er imot kvinnelege prestar, seier Gunnes.

For soknepresten i Sogndal er det uansett eit ufråvikeleg krav at han skal sleppe å ha gudsteneste og ta nattverd med kvinnelege kollegaer, sjølv om praksisen blir endra.

– Eg ville halde fram i kallet, men då kunne det ha vore at eg hadde blitt tvunge til å finne meg ein annan arbeidsgjevar enn Den norske kyrkja, seier Bruun.