Hopp til innhold

Kona tek presten i forsvar etter sterke reaksjonar: – Han er ingen kvinnehatar

Sokneprest Mikael Bruun seier at han samarbeider godt med kvinnelege prestar, sjølv om han hevdar dette er ei oppgåve for menn. – Eg veit at dette er umoderne haldningar.

Ida Marie og Mikael Bruun.

EKTEPAR: Kona til sokneprest Mikael Bruun, Ida Marie Bruun, seier tek mannen i forsvar og seier at han ikkje ønskjer ein arbeidsplass fri for kvinner.

Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Torsdag uttalte sokneprest Mikal Bruun i Dagsnytt 18 at han han ikkje vil delta i liturgisk fellesskap med kvinnelege prestar.

Utspelet kom i ein debatt etter at domprosten i Tromsø gjekk ut i avisa Vårt Land og sa at kyrkja legitimerer kvinnediskriminering.

I løpet av eit døgn har over 3000 personar på Facebook kommentert saka NRK skreiv i kjølvatnet av radiodebatten. Storparten brukar sterke ord og uttrykk, og er tydelege på at Bruun må finne seg noko anna å gjere på.

– Klart det gjer inntrykk. Eg vert jo litt nedtrykt. Samstundes tek eg det med ro. Eg har jo ikkje fått prestekallet mitt frå folkemengda i kommentarfelta, seier Bruun til NRK.

Støtte frå kona

Også kona hans, Ida Marie Bruun, har teke til motmæle mot dei sterke reaksjonane. I eit innlegg i avisa Dagen fortel ho at mannen har eit positivt kvinnesyn og at han ikkje er nokon kvinnehatar.

– Det stemmer ikkje at han vil ha ein arbeidsplass fri for kvinner, verken i kyrkjerommet eller på kontoret, skriv kona blant anna.

Bruun seier at han òg har fått støtte frå folk som både er einige med han, men også ueinige som respekterer at han har eit anna syn enn dei.

Men han forstår godt at meiningane hans er kontroversielle og vekkjer reaksjonar.

– Eg veit at dette er umoderne haldningar. Men eg tenkjer at det må vere rom for det i eit mangfaldig samfunn og i ei mangfaldig kyrkje. Det er sørgjeleg at det vert framstilt som kvinnediskriminerande. Dette handlar ikkje om at vi ser ned på kvinner. Det handlar om korleis vi les Bibelen, og kven som skal vere prestar.

Fryktar praksisendring

Han meiner dei sterke reaksjonane byggjer på mistydingar, og at meiningane hans er blitt framstilt spissformulerte.

Bruun avviser at han vurderer å slutte som prest i den norske kyrkja. Men seier han fryktar at debatten skal føre til ei praksisendring, som om nokre år kan føre til avskjedssaker mot prestar som har same synet som han sjølv.

– Og dersom dette skjer, vert eg tvungen til å finne meg eit anna kyrkjesamfunn som vil ha ein prest som meg.

– Samarbeider godt med kvinneleg kollega

I dag har kyrkja ein praksis som blant anna opnar for at mannlege prestar kan reservere seg mot å vere medverkande ved til dømes nattverder i gudstenester der og kvinnelege prestar deltek.

Bruun avviser at han ikkje kan eller vil samarbeide med kvinnelege kollegaer. Sjølv jobbar han tett saman med ein kvinneleg prest ved kyrkjekontoret i Sogndal.

– Vi samarbeider godt, og skal blant anna ha konfirmantundervisning i lag i haust. Vi har ein god kollegial tone og er samde om at det gode samarbeidet skal halde fram. Dette er ikkje noko problem i det heile teke, seier Bruun.

– Eg har ikkje det gammaldagse og nedlatande kvinnesynet, som folk trur eg har. Eg ønskjer kvinner hjarteleg velkomne i eit mangfald av roller.

– Driv ingen kamp mot kvinnelege prestar

Bruun seier han ikkje kjempar mot at kvinner skal verte ordinerte til prestar. Og sjølv er han heller ikkje hundre prosent prinsipiell.

– Då prosten vart innsett i tenesta, var prestane i prostiet, inkludert ein kvinneleg prest, medverkande på ulike måtar i gudstenesta. Då hadde vi alle litt tilbaketrekte roller, og då er det uproblematisk for meg å vere medverkande med ein kvinneleg prest, forklarar han.

– Det som vil vere vanskeleg for meg, er ei gudsteneste saman ein kvinnelege prest der det berre er oss to. Det føler eg vil verte oppfatta som ein sterk anerkjennelse av ein embetsteologi som eg ikkje kan stå for.