Hopp til innhold

Sogn Avis: Prest er uønskt i konfirmantundervisninga

Foreldra til 26 konfirmantar i Sogndal ønskjer ikkje at den omstridde presten Mikael Bruun skal delta i konfirmasjonsundervisninga i haust.

Mikael Bruun, sokneprest i Sogndal.

INGEN KOMMENTAR: Mikael Bruun ønskjer ikkje å kommentere brevet frå foreldra.

Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Det melder Sogn Avis måndag ettermiddag.

– Då eg såg dette på Dagsnytt 18, forstod eg at presten skulle jobba med min konfirmant. Det kjendest ikkje greitt, seier Tone Myklebust Kvåle til avisa.

Ho ønskjer ikkje å uttale seg til NRK om saka no.

Det var vekt stor merksemd at den nye soknepresten i Sogndal, Mikael Bruun, har stått fram med eit konservativt bibelsyn, der han nektar å ha gudsteneste og nattverd saman med kvinnelege prestar.

– Prestetenesta er øyremerkt menn. Når vi les Guds ord, så tenker vi at guds ord er evig, uforanderleg og står fast og kan ikkje endrast, seier Mikael Bruun.

Ifølgje Sogn Avis har foreldra til 26 konfirmantar skrive brev til kyrkja, der dei er tydelege på at dei ikkje ønskjer at Bruun skal delta i undervisninga eller i konfirmasjonsgudstenesta. I brevet, som avisa har fått tilgang til, står det mellom anna:

«Me synest dette medieoppslaget og innhaldet bak, er ei svært lei sak for kyrkja i Sogndal. Me ber om at de respekterer vårt ynskje og tek Bruun ut av undervisninga for konfirmantane. Han er ikkje ynskja som rettleiar for våre konfirmantar»

Støttar ikkje foreldra

NRK snakka med Mikael Bruun rett før 15.30 i dag. Han vil førebels ikkje kommentere det som kjem fram i brevet frå foreldra.

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin seier til avisa at han ikkje kan overlate til foreldra å velje kven som skal konfirmantundervisning.

– Eg kan ikkje imøtekoma ynsket frå foreldra. Bruun har også rettar, han har rett til å vera prest og ha konfirmantundervisning.

Til NRK seier Nordhaug at han forstår at mange blir opprørt når dei møter ein prest som ikkje er tilhengar av full likestilling.

– Eg er usamd med Mikael Bruun i denne saka og ønskjer kvinnelege prestar hjarteleg velkomen. Det har Den norske kyrkja gjort i ei årrekke. Vi er i ein situasjon no der halvparten av biskopane er kvinner, så ting er i framgang, seier Nordhaug.

– Skal vere rom for ulike syn

Men også til NRK seier Nordhaug at det ikkje er aktuelt å gripe inn i dei rettane Bruun har til å drive konfirmantundervisning.

– Eg lurer på kor dette samfunnet hamnar om vi skal ha det perspektivet at vi ikkje vil bli undervist eller snakke med nokon som har eit anna syn enn meg sjølv, seier biskopen.

Nordhaug legg også vekt på at Den norske kyrkja har den haldninga at det skal vere rom for ulike syn blant prestane, også det bibelkonservative synet til Mikael Bruun.

– Eg synest det er eit problematisk syn. Etter mi overtyding står kvinner og menn likt i kyrkja på alle nivå og bør ha lik tilgang til prestetenesta.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

DEBATT: Torsdag deltok Mikael Bruun i ein debatt i Dagsnytt 18 i NRK, der han fortalde om sitt syn.