Hopp til innhold

Meir enn 150 tonn kan rasa i vegen når som helst – stengjer E39 i opptil ei veke

Då geologen såg steinblokkkene over Europavegen, valde Vegvesenet å handla raskt. Frå og med 21. juni stengjer vegen heilt i opptil ei veke.

Litle-Urdaltunnelen

STENGT: Her kan det bli stengt i heile veke 25.

Foto: Statens vegvesen

1. juni var fjellreinskarar på eit vanleg oppdrag ved Litle-Urdalstunnelen. Då dei renska fjellsida, oppdaga dei store steinblokker, og kalla ein geolog til staden.

Strilen skreiv om saka fyrst.

– Ho meinte at sjansane for at dei kunne rasa ut var ganske store. Me er berre nødt til å agera fort når me oppdagar sånne ting, seier Harald Arne Midtun, prosjektleiar i Statens vegvesen.

– Me tullar ikkje med geologen sine vurderingar.

Steinblokker over Litle-Urdaltunnelen

USTABIL: Vegvesenet har ikkje visst om at desse steinblokkene kan rasa ut.

Foto: Statens vegvesen

Likevel har det teke to veker, og vegen skal ikkje stengja før i veke 25, frå og med 21. juni.

– Me kan ikkje berre stengja vegen utan å melda frå til kommunar, offentlege etatar, transportørar, kollektivtransport og naudetatar. Så må me få på plass skilta omkøyringsrute, seier Midtun.

Fyrst vart det rekna med at stenginga kom til å vara mellom ein og tre dagar, men etter å ha sett bileta og studert terrenget forstod dei at arbeidet vil ta tid.

– Entreprenøren har anslått at den eine blokka er bortimot 50 kubikkmeter stor. Me kan fort snakka om at det er 150 til 200 tonn som vil koma ned, dei vil jo dra med seg ein del andre lausmassar, seier Midtun.

Arbeidet kan difor ta opptil ei veke.

Alt må ned?

Ja, det trur eg ikkje det er tvil om.

Steinblokker kan falla ned over E39

RAS: Steinblokkene skal rasa kontrollert ned ved hjelp av luftputer.

Foto: Statens vegvesen

Må køyra omvegar og ta ferje

Denne strekninga av E39 er tungt trafikkert, og for mange den naturlege ruta mellom til dømes Bergen og Førde.

Om lag 2000 køyretøy passerte Vegvesenet sin næraste trafikkteljar, om lag ei mil nord for Litle-Urdalstunnelen, i døgnet i fjor. På Ostereidet, vel halvanna mil sørvest, køyrde i snitt 3749 køyretøy forbi kvart døgn.

Midtun håpar at ein del av personbilane som no må køyra om kan koma seg over med kabelferja på sambandet Masfjordnes-Duesund.

– Men den eignar seg ikkje for dei tyngre køyretøya. Dei må køyra fv. 57 om sambandet Leirvåg-Sløvåg, seier prosjektleiaren.

Vegvesenet og fylkeskommunen skal i morgon i møte, og diskutera om det kan setjast inn ei ekstra ferje på Leirvåg-Sløvåg.

OMKØYRING: Vegvesenet anbefalar fv. 57 for tyngre køyretøy og fv. 570 for personbilar som ømkøyringsveg.

Ikkje dynamitt, men luftputer

Steinblokkene kunne ha rasa naturleg ved store nedbørsmengder eller vintertid, meiner Midtun.

Entreprenøren skal flyga inn luftputer med helikopter for å få steinblokkene kontrollert ned. Luftputene skal senkast ned i bergsprekkane, før dei blir blesne opp med trykkluft.

– Me reknar med at dette skal få fart på steinblokkene. Dei er ganske kraftige desse putene, seier Midtun.

Etter blokkene har kome ned, skal alt som ligg laust og utsett til. På sikt skal det også koma eit fanggjerde.

Ifølgje Midtun er arbeidet estimert til å kosta fem til ti millionar kroner.

– Det er det nok nærare ti enn fem. Då er ikkje fanggjerdet tatt med, seier han.