Hopp til innhold

Fotballbane ramma av massivt steinras

Natt til onsdag raste to store steinblokker på fleire titals tonn ut på ei fotballbane i Vaksdal i Vestland.

Store steinar på fotballbanen i Vaksdal.

STEINBLOKKER: Store steinblokker dundra ned på fotballbanen i Vaksdal i natt.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Eg skal love deg at eg vakna av drønna.

Brede Tjønneland sov då han plutseleg vakna av høge drønn og brumling ifrå fjellet natt til onsdag.

Han blei nysgjerrig og køyrde ned til fotballbana. I mørket såg han ikkje så mykje, så onsdag tok han turen ned att.

– Då tenkte eg: «Å ja, det var såpass, ja!». Eg såg kor høgt oppe steinane må ha rasa frå.

Tjønneland er brannkoordinator i Vaksdal kommune og er van med at det rasar jamt og trutt i fjellsidene rundt seg.

– Men dette har eg aldri sett før, seier han.

Han reknar at kvar av blokkene veg mellom 18–20 kubikkmeter, noko som svarar til tre-fire personbilar.

Saka vart fyrst omtalt i Vaksdalposten.

Steinras på Geitebakken fotballbane i Vaksdal kommune.

Slik såg raset ut onsdag føremiddag.

Foto: Vaksdal kommune / Vaksdal kommune

Stengd framover

Raset gjekk kl. 03.40 i natt. Onsdag føremiddag rasa det framleis i fjellsida.

Ordføraren i Vaksdal vil ikkje spekulere i kva som kunne ha skjedd dersom raset gjekk på dagtid.

– Men eg trur alle er glade for at dette skjedde på nattetid, utan nokon til stades, for slik det ser ut i dag så ville det potensielt ha fått store konsekvensar, seier Hege Eide Vik (Sp).

No ventar kommunen på at geolog skal vurdere situasjonen. Området er avstengd inntil vidare.

– No er det viktig at vi får ei vurdering av geologen, slik at vi får vite kva forholdsreglar vi skal ta i dette området, seier Eide Vik.

Tjønneland på si side trur ikkje at det hadde vore fare for liv, dersom dette hadde skjedd på ein dag der det var folk på fotballbana.

– Hadde det vore folk på bana, så trur eg dei hadde kome seg vekk sidan det gjekk så høgt oppe ifrå.

Andre fotballbana som blir råka av naturkrefter

Dette er andre gong at eit idrettsanlegg i Vaksdal blir stengd etter at naturkreftene har slått til.

Fotballbana i Vaksdal kollapsa av vassmengdene

I 2022 såg fotballbana i Vaksdal slik ut etter at det hadde regna mykje.

Foto: Jonny Falkanger

For to år sidan kollapsa fotballbana på Vaksdal på grunn av mykje vatn i grunnen. Der vart det eit hol i bana på grunn av stor vassføring.

I fjor haust kunne dei endeleg ta ho i bruk att etter skadane.

– Det er ei bane vi nyleg tok i bruk att. Det tek tid å reparere naturskadar, og så er det veldig ulikt korleis konsekvensane blir, seier ordføraren.