Hopp til innhold

Kostar 30 millionar å fiksa fotballbane etter flaum

Den nye fotballbanen i Vaksdal blir langt dyrare enn venta. Det skriv avisa Hordaland.

Kommunen har vore utan bane sidan den førre kollapsa på grunn av eit søkkjehol i januar 2022.

Bana ligg over fleire røyr som fører vatn frå fjellet ned i fjorden. Det er desse som no må skiftast ut og som fører til dei høge kostnadane.

– Me forventa ein prislapp på kring 10 millionar, men no ser det ut til å bli over 30 millionar kroner for å få den nye bana på plass, seier varaordførar Kjartan Haugsnes (SV).

Til avisa Hordaland seier Haugsnes at kostnadane er på lik linje med å bygga to nye barnehagar.

Det er kommunen sjølv som må stå for utgiftene.

– Det er dyrt, men me har ikkje noko val. Røyra må skiftast ut. Det er også viktig med eit ordentleg idrettstilbod i kommunen, seier varaordføraren.

Bana er venta å vera klar til hausten.

Fotballbana i Vaksdal kollapsa av vassmengdene
Foto: Jonny Falkanger