I 2006 var det 613 tilsette i Statnett. I fjor telte dei tilsette 1632.
Statnett er eit statsføretak eigd av Olje- og energidepartementet. Jobben deira er å sikre levering og utnytte kraftnettet best mogeleg.
Under straumkrisa har selskapet difor vore nøydd til å svare for flaskehalsinntekter og dei omstridde utanlandskablane.
I kommentaren «I kraftlobbyens jerngrep», av Bjørgulv Braanen i Klassekampen, vert Statnett-direktøren karakterisert som «ein korsfarar for nye mellomlandsforbindingar». Blant oppgåvene til Statnett er å gje råd til politikarane.
Også i siste nummer av Dag og Tid vert det gjort eit poeng av at Statnett får «meir makt og innflytelse».
– Auken i tilsette i Statnett kosta nettkundane over 1,2 milliardar kroner per år, skriv Jon Hustad.
– Stortinget bør få ei forklaring
Ordførar i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland (Sp), meiner veksten på nye tilsette i Statnett påkallar ei forklaring.
– Statnett har rett nok fått fleire oppgåver dei siste åra, men eg tenkjer at Stortinget bør få ei forklaring på om den store auken er rimeleg, seier han.
Som statleg «monopolbedrift» må Statnett rapportere til styresmaktene.
I januar klaga Askeland over at Vestland – som står for 25 prosent av norsk kraftproduksjon – «ikkje er dimensjonert for det grøne skiftet», og skulda Statnett for «svakt nett og låg transformatorkapasitet».
Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere det same dei neste ti åra.
Elisabeth Vike Vardheim er konserndirektør i Statnett.
– Det er riktig at vi har hatt ein jamn auke i talet på tilsette. Dette skuldast fleire oppgåver, og det er det fleire grunnar til. Samstundes er vi bevisste på riktig organisering, og har sett i verk ein rekke tiltak for å sikre at vi bruker ressursane effektivt, seier ho (les heile svaret i faktaboksen litt lengre ned).
UTFLATING: – Det skal nemnast at vi den seinaste tida har hatt ein utflating av faste tilsette og nedgang i konsulentbruk, seier Elisabeth Vike Vardheim er konserndirektør i Statnett.
Foto: Eivind A. Pettersen / NRKI tillegg til å bygge ut nettet når det er «samfunnsmessig rasjonelt» skal Statnett følgje opp krafthandelen med utlandet og utvikle denne.
– Ein farleg trend
– Dette føyer seg dessverre inn i ein farleg trend i det offentlege, der toppsjiktet veks i kroner og øre så vel som i titlar, seier Sofie Marhaug (R), som er 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Avgått Statnett-sjef Auke Lont tente 5,1 millionar kroner i 2020, og snittinntekta i selskapet er 846.000 kroner.
Ein europeisk studie frå 2020 viser at Statnett har eit høgare kostnadsnivå enn andre tilsvarande europeiske nettselskap.
– Det tyder på at Statnett kan forbetre effektiviteten, skriv NVE på sine nettsider.
INVESTERT: Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere mellom 60 og 100 milliardar kroner dei neste ti åra.
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIXDet er Reguleringsmyndigheten for energi (RME), som sorterer under Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som fører tilsyn med Statnett.
I fjor innførte dei ein effektivitetsanalyse for å gå gjennom kostnadane til Statnett.
– Denne skal «auke motivasjonen for kostnadseffektivitet», forklarte RME.
Distriktsenergi er ein interesseorganisasjon for norske kraftselskap.
Dagleg leiar i organisasjonen, Knut Lockert, minner om at Statnett «har langt fleire oppgåver i dag enn før», men støtter strengare effektivitetskrav til selskapet.
– Det kan ikkje vere slik at kostnadsnorma for Statnett er lik kostnadsgrunnlaget. Ingen andre nettselskap har det slik. Der er avkastninga avhengig av kor effektive selskapa er, medan Statnett nærmast har fått sitt uansett, skreiv han om forslaget til RME.
ANALYSE: I fjor innførte NVE ein effektivitetsanalyse for å samanlikne Statnetts årlege kostnader med tidlegare kostnader.
Foto: Even Lusæter / NRK– Ei viss oppbemanning er naturleg
– Ei viss oppbemanning hos Statnett er naturleg ut frå at det byggjast langt meir nett no og framover, blant anna for å sikre ny industriutvikling, seier Bård Ludvig Thorheim, som er energipolitisk talsperson for Høgre.
Han legg til:
– Samstundes illustrerer dette at kraftmarknaden er alt anna enn «kreftenes frie spel». Statnett er både marknadsaktør og fagleg instans for politikarane på same tid. Då er det ekstra viktig at politiske styresmakter har overordna styring og tek vare på interessene til forbrukarane.
STYRING: – Statnett er både marknadsaktør og fagleg instans for politikarane på same tid. Då er det ekstra viktig at politiske styresmakter har overordna styring, seier Bård Ludvig Thorheim, energipolitiske talsperson for Høgre.
Foto: privatAslak Øverås er informasjonssjef i Energi Noreg.
– Statnett har gjennomført store og naudsynte investeringar i straumnettet det siste tiåret. Kapasiteten i straumnettet er den største utfordringa for at Noreg skal nå sine klimamål og samstundes opne for ny industriverksemd over heile landet. Då er det forståeleg at dei har auka bemanninga.
– Samtidig er vi svært opptatt av at kostnadene haldast på eit rimeleg nivå, ettersom det er straumkundane og kraftprodusentane som ender opp med rekninga.
Lærling Markus (21) vart sett til å vaske kraftleidningar med klut og raudsprit.