Hopp til innhold

Staten vil ha slutt på betaling i skulane

Skular bryt lova når dei krev at foreldre må betale for turar og andre aktivitetar. No varslar Statsforvaltaren fleire tilsyn.

Myrkdalen

MYRKDALEN: Det tydlegaste brotet på gratisprinsippet fann Statsforvaltaren hos skilinja på Voss gymnas.

Foto: Jan Petter Svendal

Statsforvaltaren i Vestland skjerper tilsynet med gratisprinsippet skulen.

– Vi ser at det er ein del ulovleg praksis, og difor vel vi å ha tilsyn med skulane, seier Mats Petter Sydengen, som er seksjonsleiar hos Statsforvaltaren i Vestland.

Lova er klar på at det å gå på skule i Noreg skal vere gratis.

Men verkelegheita ute i klasseromma er annleis.

Då Statsforvaltaren i Vestland undersøkte praksisen i fjor, viste det seg at alle skulane braut gratisprinsippet.

NRK forklarer

Gratisprinsippet i grunnskulen

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva står gratisprinsippet?

Gratisprinsippet for grunnskulen står i Opplæringlova: 

§ 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring

 

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

 

Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med

grunnskuleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida,

leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa.

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva betyr gratisprinsippet?

At opplæringa skal vere gratis.

Alle aktivitetar, faglege og sosiale, som er ein del av opplæringa, skal vere gratis for elevane. 

Gratisprinsippet i grunnskulen

Når er noko "ein del av opplæringa"?

Om noko er ein del av opplæringa bygjer på ei vurdering. 

 

Døme på kva som kan tas med i vurderinga er: 

 

* om turen skjer i skuletida

* om turen er ein del av opplæringa

* om lærerane er med på turen og får lønn 

 

Kilde: Utdanningsdirektoratet

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva skal til for at gratisprinsippet er brote?

Det avgjeres etter ei helhetsvurdering i kvar sak. 

Kilde: Utdanningsdepartementet

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kven har ansvaret for at skulane følgjer reglane?

Det er kommunane som har ansvaret for å passe på at skulane ikkje bryt gratisprinsippet. 

Utdanningsdirektoratet skal gje informasjon og rettleie.

Statsforvaltaren kan rettleie generelt og opne tilsyn.

Det er først etter at tilsyn er opna at Statsforvaltaren kan vurdere ei individuell sak.  

Øvste ansvaret for at gratisprinsippet overholdes har Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). 

Mistanken om at fleire skular bryt lova gjer at Statsforvaltaren no varslar fleire tilsyn.

– Vi veit at ein del fleire familiar enn før slit med økonomien. Brot på gratisprinsippet får dermed større konsekvensar enn det gjorde tidlegare, seier Sydengen.

Organisasjonen Vaksne for barn meiner betaling for dugnadsvarer og eigendelar før klasseturar, skaper utanforskap fordi fleire familiar ikkje har råd til dette.

Må betale nær 5000 kroner for turar

Statsforvaltaren i Vestland har allereie har hatt tilsyn ved skular i Stord, Alver og Sogndal og på Voss.

Det tydlegaste brotet på gratisprinsippet fann Statsforvaltaren hos skilinja på Voss gymnas.

Der må elevane dekke delar av kostnadane til treningssamlingar i regi av skulen. Prislappen er på rundt 5000 kroner i året. I tillegg kjem utgifter til ski og kle.

– Det har vore krevjande å halde seg innanfor gratisprinsippet, vedgår Håvard V. Styve, som er rektor ved skulen.

Les også Idrettsforbundet erkjenner at dorull-sal har blitt eit problem

Dorullar og fiberklutar til sals på dugnad for idrettslag

Skulen vil no rette seg etter Statsforvaltaren, men også prøve å finne ei løysing slik at dei kan halde fram med turane og toppsatsinga.

Abigail V. Harbun i elevrådet ved skulen, seier det er viktig at saka blir kjent.

– Det er sikkert mange som ikkje er klar over at dette er eit brot på gratisprinsippet, seier ho.

Slo ned på bestilling av kaker og bollar

Gratisprinsippet står ikkje i vegen for dugnad og gåver frå heimane i samband med til dømes skuleturar.

Men dette må vere frivillig, og gåvene skal vere anonyme.

I fleire av tilsyna konkluderte vi med at dugnad og gåver reelt sett ikkje var frivillig, seier Sydengen.

Bollebakst og kakebaking dukka ofte opp i tilsyna. Til dømes kjende foreldre i Stord seg pressa til å bake pizzabollar, noko skulen fekk påpakning for.

Les også Skule får refs: Braut lova då foreldre baka pizzabollar til skuletur

Pizzasnurrer

Statsforvaltaren ser at gratisprinsippet blir utfordra av både heimane og skulane.

– Det er eit spenningsforhold mellom det dei ønskjer og det som skulen har økonomi til.

På Sagatun skule i Balestrand har det tradisjonsrike juleballet med inngangsbillett vore ulovleg.

Det kom overraskande på FAU-leiar Antonella Vidal.

– Men det gav meining når vi tenkte over det. For oss er gratisprinsippet viktig, men det er kanskje noko vi ikkje har tenkt nok over.

Trur skular og foreldre er for lite bevisste

Kjetil Vevle, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, seier tøffare økonomiske tider gjer at gratis skule er viktigare enn nokon gong.

Les også Pappa tok grep: – Vi måtte ha solgt over 10.000 kakebokser

Tiril Marie Pettersen, Silje Høsøien, Christian Broks Nordmark og Anders Thome Wangberg.

Vi meiner at gratisprinsippet står sterkt og at dei fleste held seg til lova, men det er riktig med tilsyn, og at statsforvaltarane gir beskjed om at skular må endre praksis.

– Sjølv om skular skal vere gratis, er det lov å bidra med dugnad og gåver. På den andre sida skal ingen føle seg pressa til å gi. Korleis balansere dette?

– Skulane må vere bevisste på korleis dei organiserer turane. Eg trur det er gode intensjonar, men det er for lite forståing hos foreldre, lærarar og skular.

Få tilsyn andre stader i Noreg

Til no er det berre statsforvaltarane i Nordland, Rogaland og Trøndelag som har hatt tilsyn med skular for å finne ut om elevar må betale for turar og aktivitetar.

Mellom anna har 16 vidaregåande skular i Rogaland brote lova.

I Vestland får kommunane Bremanger, Solund, Høyanger og Fitjar tilsyn i år.

Dei er ikkje tilfeldig utplukka, fortel seksjonsleiar Sydengen.

Dei har nemleg «stor grunn» til å tru at gratisprinsippet blir brote i desse kommunane.

Høyanger skule

Høyanger kommune får besøk av Statsforvaltaren. Det er kommunar med høg risiko for brot på gratisprinsippet som får besøk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK