Hopp til innhold

Skule får refs: Braut lova då foreldre baka pizzabollar til skuletur

Pizzabollebakinga skjedde på ein måte som bryt med gratisprinsippet i grunnskulen, meiner Statsforvaltaren.

Pizzasnurrer

Pizzabollebakinga vart organisert i strid med regelverket, slår Statsforvaltaren i Vestland fast. Illustrasjonsbilete.

Foto: Matprat.no / Astrid Hals

Kvart år arrangerer Langeland skule på Stord i Vestland klassetur for 7.-klassingane ved skulen.

Ein tur der skulen berre dekker delar av kostnadane.

Reisa er finansiert ved at foreldre bakar pizzabollar som elevane sel på skulen, men her starta problemet.

For då foreldra byrja å lage lister over kven som skal bake, så greip Statsforvaltaren inn.

Skulen fekk beskjed om at det er eit brot på gratisprinsippet i den offentlege grunnskulen.

– Etter vår vurdering legg denne organiseringa opp til eit press til å bidra, skriv seksjonsleiar Mats Petter Sydengen.

Brot på lova

Bakgrunnen for tilsynet var tips frå foreldre som følte seg pressa til å bake. Dei måtte betale for ingrediensane sjølve, og utgiftene kom på rundt 300 kroner.

Statsforvaltaren er samd i dette. Lista var nemleg ikkje basert på at foreldre melde seg frivillig.

«Vi har heller ikkje fått informasjon om at foreldra blir opplyste om at dei kan late vere å bake dersom dei ønsker det», kjem det fram i vedtaket.

Avisa Sunnhordland har skrive fleire saker om striden rundt pizzabollane.

Langeland skule

Langeland skule ligg i Stord kommune i Vestland.

Foto: Stord kommune

Skulen og foreldra opplyste at det er heilt frivillig kven som skal bake. Og at pizzabollar som ikkje blir baka, ikkje blir etterspurde.

Men dette er ikkje nok, ifølge Statsforvaltaren, som ikkje la vekt på om det blir sanksjonert dersom foreldra ikkje bakar.

«Det avgjerande er etter vår vurdering at organiseringa av pengeinnsamlinga legg opp til at foreldre kjenner seg pressa til å bidra.»

Sydengen seier regelverket er tydeleg.

– Det er lov å gi gåver og det er lov å ha dugnad til å finansiere skuleturar, men det må vere frivillig.

Mats Petter Sydengen - seksjonsleiar hos Statsforvaltaren i Vestland

Mats Petter Sydengen er seksjonsleiar ved Statsforvaltaren i Vestland.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland

– Meinte vi hadde kontroll

Turen er organisert og førebudd av foreldra, men går føre seg i skuletida – og lærar er med.

Rektor ved Langeland skule, Anita Eriksen, seier både skulen og foreldra meinte bakinga skjedde på riktig måte.

– Vi er positive til at Statsforvaltaren passar på oss, men meinte vi hadde kontroll på organiseringa og prosessane rundt dette.

Sjølv etter at Statsforvaltaren oppretta tilsyn, vart praksisen med listene ført vidare.

– Dette fordi Foreldrerådets Arbeidsutval (FAU) var trygge på at salet var gjort på ein demokratisk og rett måte.

Først då vedtaket kom, valde FAU å endre på rutinane.

– Dei fleste tenkte det var ein god måte vi gjorde det på før. Men det viktigaste er at vi får halde fram med dette, seier leiar Mone Nilsen.

Mone Nilsen, leiar i FAU ved Langeland skule

Leiar i FAU, Mone Nilsen, seier det viktigaste er at turane for elevane får halde fram.

Foto: Mone Nilsen

Endrar rutinane

FAU skal no lage eit skriv der foreldra skal melde seg på pizzabollebakinga, og det blir sterkare understreka at det er frivillig.

Det blir ikkje laga lister over kven som skal bake, men kvar heim som er med, får ei individuell melding frå klassekontakten.

På den måten blir påmeldinga anonym.

– Det viktigaste er at vi får halde fram med dette. Det er ein viktig sosial tur for trinnet som er blitt ein fin tradisjon, og som dei yngste elevane gler seg til.

Statsforvaltaren er nøgd med endringa skulen har gjort.

«På bakgrunn av desse omstenda finn vi at dei varsla pålegga er retta. Vi avsluttar difor tilsynet.»