Hopp til innhold

Idrettsforbundet erkjenner at dorull-sal har blitt eit problem

Idretten tar grep for å skjerme foreldre som ikkje orkar å selje fleire dorullar og vaskeklutar.

Dorullar og fiberklutar til sals på dugnad for idrettslag

SALSDUGNAD: Eit lite fjell av dopapir og fiberklutar. Dette er noko av det ungdomar og foreldra deira blir bedne om å selje.

Foto: Privat

– No skal det seljast vaskeklutar, det kan eg love deg!

Dagleg leiar i Førde idrettslag, Per Øyvind Storevik smiler breitt og tel over alle pappeskene som torar framfor han.

Dei inneheld det som forhåpentlegvis skal gi klingande kroner i klubbkassa til fotballgruppa i Førde idrettslag.

Ein pressa klubbøkonomi i eit av landets største breiddeidrettslag, gjer at dei no set alle klutar til. For alternativet, å setje opp treningsavgiftene, ønsker ingen.

Men klutedugnaden har ført til murring. Ikkje alle er like begeistra for endå ein dugnad der ting og tang skal seljast for klubbar og foreiningar.

Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Il.

Idrettshuset i Førde har fått fleire pallar med klutar som skal seljast på dugnad. Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag trur det kan bli endå fleire dugnader dersom prisauken held fram.

Foto: ASTRID SOLHEIM KORSVOLL / NRK

– Om du tek ei avstemming på det, så tippar eg mange ikkje er så gira. Men folk er lojale og veit vi gjer dette for å få inn pengar til laget, seier Storevik.

Les også Lav dugnadsånd: Isabell (17) har aldri vært med på dugnad før

Isabell Nordstrand (17)

– Dugnad er ein av berebjelkane våre. Om den ryk, så raknar alt, legg han til.

Vil gjere dugnaden meir digital

Dette er Noregs Idrettsforbund (NIF) smerteleg klar over.

Dei veit også at mange klubbar og foreldre har gått leie av å gå frå dør til dør og selje dopapir, kjeks, klutar og alt anna rart. Det er heller ikkje alle som har moglegheit til å kjøpe ut produkt for å selje det vidare

Norske Kvinners Sanitetsforening har åtvara mot den type dugnad før. Dei meiner det skaper eit klasseskilje mellom kven som har råd å punge ut og kven som ikkje har det.

Idretten gjer no grep for å lette den frivillige innsatsen når det gjeld sal av produkt.

– Vi prøver å finne alternative løysingar, seier Pål Kristen Rønnevik, leiar i NIF Digital.

Dei har difor oppretta ein ny digital dugnadsteneste i samarbeid med Spleis og Bambusa.

Dugnaden kan gjerast heime frå sofakroken, I første omgang er det digitale skrapelodd, gratulasjonskort og julekort som skal seljast, samt sokkar.

Pål Kristen Rønnevik, Leder NIF Digital, Norges Idrettsforbund

For å halde treningskontigentet lågast mogleg, er det viktig å få inn dugnadskroner. – Det er viktig slik at vi ikkje belastar privatøkonomien til folk for mykje, seier Pål Kristen Rønnevik i Noregs idrettsforbund.

Foto: Norges Idrettsforbund

Dei jobbar også med å få på plass ein dugnad der folk kan «plukke opp» rekninga til dei som slit med å betale treningsavgift.

Har gått vekk frå tradisjonell dugnad

I fotballgruppa i Os Turn i Bjørnafjorden i Vestland har dei gått vekk frå tradisjonell dugnad.

Dei ber heller medlemmene om å selje digitale lodd til ein julekalender, fortel Endre Brenne, dagleg leiar i fotballgruppa i Os.

I fjor tente fotballgruppa 100.000 kr på kalenderen, og premiane var det lokalt næringsliv som sponsa.

Dagleg leiar i Os Turn Fotball, Endre Brenne

I år er det tredje året fotballgruppa i Os går for digital dugnad. – Digitale løysingar er ikkje så forpliktande. Vi går ikkje folk i saumane om kven som sel lodd eller ikkje, seier Endre Brenne, dagleg leiar i fotballgruppa i Os.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi ville ha det enklare. Vi har difor gått vekk frå å levere ut 300 sokkepakkar og slikt. Det var for mykje administrasjon og logistikk som gjekk med, seier han.

Tonje Søfteland Hetleflåt frå Os er blant dei som er veldig glad for digital dugnad.

Ho har to born på 2 og 5, og eldstemann har nettopp starta på turn.

– Alt som gjer ein travel kvardag lettare er heilt supert, seier ho.

Med ein mann som jobbar skift, er det ikkje alltid like lett å bidra på dugnadsfronten.

Les også Unge vil ikke jobbe dugnad – festivaler må betale for å få tak i «frivillige»

Sondre Justad på Alta Live

– Difor lettar det litt på samvitet når eg kan selje slike lodd heimtrå. Men det er også fint å vere ute og møte folk fysisk, så ein kombinasjon av begge deler kan vere fint.

Henrik Bokelund, også han turnpappa, synest det er fint med den nye løysinga.

– Det er lettare og raskare. Samstundes mister vi litt av den sosiale biten når vi gjer det slik. Det er nok ein del folk som synst det er fint å få nokre på døra, seier Bokelund.

Turntrenar Cecilie Bøschen Sandal ser at mange foreldre er nøgde med ordninga.

– Det er lettvint og du kan gjere det frå sofaen. Dermed er det fleire som engasjerer seg, enn om dei måtte gå rundt og selje kakeboksar eller gjere fysiske ting.

Thomas Lekva og Geir Vindheim(til høgre) hentar ut kartongar fullstappe med klutar.

Thomas Lekva og Geir Vindheim (til høgre) hentar ut kartongar fullstappa med klutar.

Foto: Oddgeir Sæle

Klare for klutesal

Annette Alstadsæter, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, synest digital dugnad er betre enn tradisjonelt sal:

– Såkalla dugnadssal er i praksis tvangssal av overprisa «ræl», der store delar av det ein betaler faktisk ikkje går til det formålet ein vil støtte. Det er også svært uheldig miljømessig, fordi ein kjøper ting ein som regel ikkje vil ha, seier Alstadsæter.

Inne på klubbhuset i Førde kjem oppmenn og trenarar og hentar ut kartong etter kartong og stablar dei inn i bilane sine.

Les også Foreldre har gått av skaftet 

Ein av dei som snart får huset fullt av desse, er tobarnsfar Rune Øksenberg. Han og kona har jobba dugnad sidan borna var små.

Han trivst godt med å gi ei hjelpande hand, men synest det er fint at Noregs idrettsforbund tenkjer nytt om dugnad og gjer den meir digital.

– Det er positivt at dei prøver å gjere det enklare slik at fleire kan vere med, seier Øksenberg.