Hopp til innhold

Staten med strengare krav til straumselskapa

Staten vil slå hardare ned på straumleverandørar som bryt regelverket. Naudsynt for å styrke tilliten til marknaden, svarer Fornybar Noreg.

Moms på strøm har blitt en betydelig del av regningen

INNSKJERPING: NVE foreslår at det skal bli lettare for straumselskap å miste konsesjonen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Strengare krav for å få konsesjon til å selje straum, og hardare reaksjonar ved brot på regelverket.

Det er blant tiltaka Reguleringsstyresmaktene for energi i NVE foreslår.

Dei ønsker blant anna å kunne inndra utbytte og å trekke tilbake konsesjon.

Og i alvorlege tilfelle: å forby meir sal av straum.

– Det er behov for å styrke reaksjons- og sanksjonsmoglegheita overfor straumleverandørar. Strengare krav til å få konsesjon vil bidra til færre brot på regelverket, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

– Vi helsar dei nye forslaga frå NVE velkomne. Dette er noko vi har etterlyst lenge, seier administrerande direktør Åslaug Haga i Fornybar Noreg.

NVE-direktør Kjetil Lund

– Det er behov for å styrke reaksjons- og sanksjonsmoglegheita overfor straumleverandørar, seier NVE-direktør Kjetil Lund.

Foto: Catchlight/NVE

Kritikk for villeiande marknadsføring

Fleire leverandørar har det siste året fått kritikk for villeiande marknadsføring og andre brot på regelverket.

Nokre har også fått bøter på fleire hundre tusen kroner frå Forbrukartilsynet.

Men fordi NVE ikkje har heimel til det har ingen har blitt fråtekne retten til å selje straum.

Det er viktig at vi har ein velfungerande marknad som forbrukarane har tillit til og som gir eit best mogeleg tilbod til forbrukarane. No foreslår vi ein serie med tiltak som vil styrke marknadsreguleringa for framtida, seier NVE-direktør Lund.

– Straumleverandørane er førstelinja til heile fornybarnæringa. Om kundane mister tilliten til leverandørane, råkar det næringa på mange område. Difor tar vi også grep for å styrke sertifiseringsordninga, seier Haga.

Åslaug Haga

Åslaug Haga er administrerande direktør i Fornybar Noreg.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

– Ikkje ein cowboybransje, men det er useriøse aktørar

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) innførte før jul nye krav til opplysningar som forbrukarane skal få på straumfakturaen etter det han karakteriserte som ei «urovekkjande» utvikling.

– Eg vil ikkje seie at det er ein cowboybransje, men eg vil seie at det er useriøse aktørar, sa han.

Grepet kom etter at talet på klager om straum til Elklagenemnda vart dobla.

Innskjerpinga vart følgt opp av eit møte i januar der Aasland og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) møtte representantar for straumbransjen til eit møte om forbrukarmarknaden for straum.

Statsrådane ville høyre korleis straumbransjen følgde opp regelendringane.

I dag er det rundt 100 ulike straumselskap i Noreg. Argumentet for konkurransen er at det bidreg til innovasjon og betre produkt.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene energi for å diskutere arbeidet som blir gjort i bransjen for å lage en standard spotprisavtale.

Terje Aasland (Ap) og Kjersti Toppe (Sp) møtte representantar for straumbransjen til eit møte om forbrukarmarknaden i vinter.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ser behov for opprydding

I Straumselskapet Tibber applauderer dei endringane som NVE tar til orde for.

PR- og kommunikasjonssjef Gaute Haaversen-Westhassel presiserer likevel at dei vil bruke litt tid på sette seg inn i forslaga.

– Vi ser at det er behov for opprydding i leverandørmarknaden, og vi har alltid stått i spissen for eit enklare regelverk å ta omsyn til, seier Haaversen-Westhassel.

Les også Vil slå nettselskap saman for å redusere nettleiga: – Stort potensial

Strøm, Strømpriser, høyspent, mast, elektrisitet

I fjor haust vart Tibber skulda for lovbrot i samband med at dei nærast over natta endra faktureringsmodell.

– Vi forstod at vi hadde trakka kundane våre på tærne, og at vi burde ha gitt kundane våre betre føreseielegheit då vi gjekk ut med beskjeden. Det er noko vi har tatt lærdom av, seier Haaversen-Westhassel.

Gaute Haaversen-Westhassel

Gaute Haaversen-Westhassel er PR- og kommunikasjonssjef i Tibber AS.

Foto: Fredrik Myhre / Tibber