Hopp til innhold

Tibber rettar opp i lovbrot etter massiv kritikk

Tibber vil sende ut ny informasjon om betalingsutsetting til kundane sine, etter at Forbrukartilsynet kalla faktureringsendringar for ulovlege.

Tibber

Tibber endrar betalingsvilkår etter massiv kritikk.

Foto: Oddmund Haugen

Tibber har bestemt å endre betalingsvilkår for kundane etter massiv kritikk frå både kundar og Forbrukartilsynet.

Vi har gitt kundane 30 dagars betalingsutsetjing utan gebyr, vi kjem ut med løysingar for å endre forfallsdato, samstundes måtte vi endre fakturaperiodane, seier leiar i Tibber, Edgeir Aksnes.

I tillegg gir dei ut informasjon om kva kundane kan gjere for å løyse seg frå avtalen med Tibber.

Dette gjer selskapet for å møte kritikken til Forbrukartilsynet etter at dei endra vilkår for fakturering.

Tone Linn Knutsson er ein av kundane som reagerte på at ho må betale dobbel straumrekning i oktober.

Ho er ikkje nøgd med den nye løysinga til Tibber.

– For min del har det ikkje så mykje å seie. Eg har lønning i slutten av månaden. Då vil eg berre skyve problemet fram. Eg liker å betale rekningane når pengane kjem inn på konto, seier ho.

Tone Linn Knutsson

Tibber-kunde Tone Linn Knutsson er ikkje nøgd med løysinga til Tibber.

Foto: Privat

Les også Tone og andre Tibber-kundar fortvilar: Selskapets krisegrep gir dobbel rekning

Tone Linn Knutsson

Braut lova

I går varsla straumselskapet at kundane må betale dobbelt opp i oktober: Både for straumforbruket i september, og berekna forbruk for halve oktober.

Kritikken i etterkant har gått langs to spor.

Fleire Tibber-kundar reagert med raseri på at blir «brukt som ein bank» av straumselskapet.

Samstundes seier Forbrukarrådet og Forbrukartilsynet at Tibber har brote loven då dei å endre vilkåra for betaling berre to dagar før fakturaen blei sendt ut.

Forbrukartilsynet har hatt tett dialog med Tibber etter at saka vart kjend og fortel at samtalane har vore konstruktive.

Vi har som følgje av lovbrotet gått i dialog med Tibber, og dei har akseptert å sende ut tilleggsinformasjon til kundane sine i løpet av morgondagen, skriv seksjonssjef for tilsynsavdeling i Forbrukartilsynet, Tonje Drevland.

Føresett at Tibber gjennomfører dei kompenserande tiltaka, kjem ikkje Forbrukartilsynet til å nytte seg av økonomiske sanksjonar.

Slik vi ser det, vil forbrukarane no bli tilstrekkeleg varetekne gjennom informasjonen Tibber sender ut.

Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber

Edgeir Aksnes i Tibber fortel at dei no har fått positive signal frå Forbrukarrådet på betalingsvilkåra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ønsker å forby førehandsbetaling

Tilbake i 2016 tok NVE til orde for å forby forskottsfakturering, før dei justerte kursen og i staden avgrensa moglegheita til forskottsbetaling av straum.

Interesseorganisasjonen Forbrukarrådet har også lenge ønska å forby forskottsbetaling på straum.

Forbrukarrådet opplyser at per i dag har berre registrert to avtaler med førehandsbetaling: Agva Spotstrøm – Agva Nexarise Privat – Norwegian Power AS

Vi ventar at fleire straumleverandørar framover kjem til å gjere ei endring til forskottsbetaling framover, skriv Drevland i Forbrukartilsynet.

Det siste døgnet har det komme eit drøss med kommentarar på sosiale medium og på e-post til NRK frå personar som ønsker å bytte straumleverandør.

Samstundes har eit selskap som Lyse fått «ei 10-dobling på talet på nye kundar siste døgnet samanlikna med eit vanleg døgn».

– På generelt grunnlag er kundelojalitet og kundevelnøye veldig viktig i denne bransjen. Førehandsfakturering er derfor gjerne det siste ein vil gjere som straumselskap, seier Gard A. Aarvik Pareto Securities AS.

Høge straumprisar og lånekostnadar

Årsaka til at Tibber tek førehandsbetalt for halve oktober, heng saman med høge straumprisar og -lånekostnadar.

Vanlegvis legg Tibber ut for kostnadar for straumen til kundane i opp til 45 dagar. Selskapet tek då opp lån for å kjøpe inn og betale for straum til kundane.

Teknologiselskapet Tibber har hatt en omsetning på 200 millioner kroner hittil i år. – Det har vært en fantastisk utvikling, sier gründer Edgeir Vårdal Aksnes.

Tibber har sett seg nøydd til å gå over til ny faktureringsperiode og nye betalingsløysingar.

Foto: Oddmund Haugen

Dei høge straumprisane og lånekostnadane for tida betyr at selskapet må låne meir.

I staden for å ta eit påslag på straumen, har Tibber valt å fakturere kundane for ein halv månad fram i tid.

Les også Ny rapport talfestar kor mykje ekstra straum Noreg treng til klimatiltak

Vindkraftpark i Havøysund.