Staten har hemmelege lager med naudproviant

Det ligg fleire beredskapslager med naudproviant kringom i landet i tilfelle alvorleg forsyningskrise. Kvar lagera er plasserte er strengt hemmeleg.

Tørrmat

TØRRMAT I HEMMELEGE LAGER: Tørrvarer som mjøl og sukker i store mengder ligg lagra kring om i landet på hemmelege adresser. Truleg inneheld lagera også proteinrik boksemat.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

NRK presiserer at det er gjort endringar i saka etter at ho vart publisert. I ei tidlegare utgåve stod det at hemmelege lager med naudproviant skal sikre matforsyninga til Noreg. Det riktige er at det er lager med naudproviant skal sikre landet med mat i heilt spesielle situasjonar. I tillegg skal samarbeid med matvaredistributørane sikre landet matvarer, både til vanleg og i kriser.

Etter svineinfluensaen i 2009 var det laga beredskapsplanar for pandemi. Eitt av tiltaka er hemmelege lager med naudproviant kring i landet.

NRK har bede om å få innsyn i kor mange lager med naudproviant som finst, kvar dei ligg og kva slags matvarer som er der, men har fått avslag. Grunngjevinga frå Nærings- og fiskeridepartementet er «tryggleiksomsyn».

For korleis skal butikkane få tak i basismatvarer dersom til dømes store slakteri, meieri eller andre aktørar i den norske matindustrien må stengje ned over lengre tid på grunn av koronakrisa?

Nærings- og fiskeridepartementet opplyser til NRK at dei hemmelege matvarelagera berre er naudproviant ved krisesituasjonar. Det er samarbeidet med dei store matvarekjedane i landet som sikrar forsyninga. Det er mat nok til alle, forsikrar departementet.

På plass før koronapandemien

I ein e-post frå kommunikasjonsavdelinga i næring- og fiskeridepartementet heiter det mellom anna:

«Nærings- og fiskeridepartementet har etablert fleire tiltak for å sikre forsyningsberedskapen for matvarer i Noreg, mellom anna beredskapslager av visse matvarer som kan nyttast i situasjonar med alvorleg forsyningssvikt. Konkret informasjon om eksempelvis behaldning og kor anlegga ligg kan vi dessverre ikkje gå ut med av tryggleiksomsyn».

Det blir presisert at desse lagera var på plass allereie før koronapandemien.

Knut Aaland i Asko

BEREDSKAP: Leiar i rådet for matvareberedskap, Knut Aaland, ønskjer ikkje å kommentere kva som vil skje med matvareleveransane til butikk dersom store slakteri eller meieri må stenge ned på grunn av koronasmitte.

Foto: Espen Braata / Braata, Espen

– Har kontroll

Eit eige råd for matvareberedskap i Noreg er oppretta, leia av Knut Aaland i Norgesgruppen.

Han fortel at det blir jobba hardt og målretta for å behalde leveransane av matvarer ut i butikkane.

– Per i dag har vi meir enn nok mat og lagera er fulle. Vi har kontroll på situasjonen, seier han.

– Kva vil skje med leveransane til butikk dersom til dømes store meieri eller slakteri må stenge fordi det kjem koronasmitte i arbeidsstokken?

– Vi har full fokus på å sikre leveransane til butikkane og vi ønskjer ikkje å kommentere dette noko nærare no, seier han.

Hemmelege planar

Aaland legg til at dei ulike matvarekjedene har beredskapsplanar som vil bli tatt i bruk dersom det skulle bli problem med matleveransane, eller om det skulle oppstå andre problem. Beredskapsplanane er hemmelegstempla.

– Dei store matvarekjedene har mange matvarelager kringom i landet. Kor mykje mat er det på desse lagera og kor lenge kan de levere utan å få ny tilførsel?

– Det varierer frå varegruppe til varegruppe, så eit eintydig svar på det kan eg ikkje gje.

Meiner informasjonen er «sensitiv»

Rådet for matvareberedskap fungerer som fagleg rådgjevar for Nærings- og fiskeridepartementet under koronapandemien. Rådet består av matvaredistributørane Rema 1000 Noreg, Norgesgruppen, Coop Noreg, Servicegrossistene og Tine.

Rådet for matvareberedskap har mellom anna utarbeidd lageroppbyggingsplanar for matvarer og eigne pandemiplanar. Men NRK får ikkje innsyn i pandemiplanane.

I ein e-post viser fungerande kommunikasjonssjef for næringsministeren, Christine Spersrud Haug, til at det kan ligge «forretningshemmeligheter og sensitiv informasjon» i planane.

1YKmh3Wb_60

STØTTAR HEMMELEGHALD: Direktør i Næringslivets tryggleiksråd, Odin Johannessen, meiner det er viktig for den nasjonale tryggleiken at det blir halde hemmeleg kvar naudprovianten ligg lagra.

Foto: Heiko Junge / NTB scan

Forstår trongen for hemmeleghald

Direktør i Næringslivets tryggleiksråd, Odin Johannessen, har forståing for at departementet vil halde opplysningane om naudproviant og pandemiplanar hemmeleg. Han påpeikar at truslar kan kome frå ulike hald både i ei krise eller ein krigssituasjon.

– Det kan vere bomber, brann, sabotasje og tjuveri. Sidan vi ikkje veit nøyaktig kva som kan ramme oss, når det rammer oss, og kven som rammer oss, vel styremaktene våre å skjerme opplysningar om plassering og innhald på slike lager av naudproviant, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 01.06.2020
8442
Smittet
29
Innlagt
236
Døde