Hopp til innhold

Tre fylke skal bli utsleppsfrie om åtte år: – Kan ikkje bruke tid på å drøyme oss bort

Denne veka lanserte Vestland fylkeskommune ein omstillingsplan til 224 milliardar kroner. No blir klimavisjonen møtt med skepsis frå miljøorganisasjonen Bellona.

Tizir Tyssedal

KLIMAMÅL: Smelteverket til Tizir i Tyssedal er eitt av få industriverk med planar om store utsleppskutt på kort sikt.

Foto: TiZir Titanium & Iron AS

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ilmenittsmelteverket til Tizir i Hardanger er det einaste av sitt slag i Europa. Her blir det produsert råstoff som blir nytta som kvitt pigment i mellom anna måling.

No skal verket omstille seg.

I dag blir karbon i form av kol nytta i den kjemiske prosessen for å vinne ut råstoffet. Ved å erstatte dette med hydrogen, vil det sive rein vassdamp ut av pipa om få år.

Det medfører klimakutt på over 80 prosent.

– Me er først i løypa, seier leiar for berekraft i Tizir, Jorulf Kyrkjeeide.

«Liksom-mål»

Smelteverket er likevel langt frå å innfri ambisjonane i regionen.

Klimavisjonen til Vestland fylkeskommune tilseier at heile regionen skal vere netto utsleppsfri innan 2030.

– Me forheld oss ikkje så mykje til slike «liksom-mål». Det er fint, men korleis skal dette skje? spør Bellona-leiar, Frederic Hauge.

På måndag lanserte «utsleppsverstingen» sin grøne omstillingsplan med ein pris på svimlande 224 milliardar kroner.

Bellona-leiaren ber fylkeskommunen om å få bakkekontakt.

– Noreg er forplikta gjennom Parisavtalen til å auke måla, men me kan ikkje bruke tid på å drøyme oss bort, seier Hauge.

Bellona-leder Frederic Hauge

HANDLING FRAMFOR ORD: – Korleis skal dette skje? spør Bellona-leiar Frederic Hauge om Vestlands nullutsleppsvisjon.

Foto: Ole Dalen / NRK

Ambisiøse fylkeskommunar

Noreg skal redusere klimautsleppa med 55 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå. Målet om nullutslepp er sette til 2050.

Desse måla blir sannsynlegvis ikkje innfridde, ifølge ein fersk rapport.

Fleire kommunar og fylkeskommunar opererer med endå meir ambisiøse mål.

Dei største byane skal kutte frå 80 til 100 prosent på åtte år. Oslo ligg dårleg an.

Klimapartnere, eit partnarskap for grøn næringsutvikling, har i Vestland tatt initiativ til eit kommunikasjonsløft om «verdas grønaste region».

Same partnarskap har ufordra fylkeskommunane til å skru opp ambisjonane.

Trøndelag, Innlandet og Vestland har alle fremja mål om nullutslepp innan 2030.

– Høge ambisjonar er bra, men ved å setje mål på vegner av andre får jo måla mindre å seie, meiner fagsjef i miljøorganisasjonen Zero, Stig Schjølset.

Marginal reduksjon i industrien

Kikkar vi nærmare på utsleppa i ein region som Vestland, er det få industriaktørar som er i nærleiken av å innfri klimaplanen.

Equinor sitt raffineri på Mongstad er det desidert største utsleppspunktet i landet. I Vestland står det ansvarleg for om lag 25 prosent av alt utslepp, ifølge vestlandsrapporten.

– I løpet av 2022 vil ei ombygging av kraftvarmeverket bidra til om lag 15 prosent reduksjon av utsleppa på Mongstad, fortel talsperson i Equinor, Rikke Høistad Sjøberg.

Om det blir ytterlegare kutt på Mongstad før 2030, er uvisst.

Hydro sine aluminiumsverk er i likskap langt frå å vere klimanøytrale. På landsbasis står dei seks verka ansvarlege for utslepp av meir CO₂-ekvivalentar enn Mongstad-raffineriet.

Hydro har lenge jobba for redusere utsleppa. Gjennom forbetringar av drifta har utsleppa på verka gått ned med 55 prosent sidan 1990.

Men ytterlegare kutt er utfordrande, ifølgje informasjonsdirektør Halvor Molland.

Mot 2030 er målet å redusere med 8 prosent.

Mongstad

VERSTING: Raffineriet på Mongstad er det desidert største utsleppspunktet i landet.

Foto: Gwladys Fouche / Reuters

– Viktig med store ambisjonar

– Det er for få som set høge ambisjonar. Der er me i tet, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).

I høyringsuttalen i sommar var det fleire kommunar i Vestland som lurte på kva nullutslepp eigentleg betydde.

Fylkesdirektøren tilrådde ein definisjon som tilsa at uunngåelege utslepp skal bli kompensert. Det kan vere med til dømes klimakvotar eller planting av tre.

Om utsleppa skulle vise seg å ikkje gå ned, må fylkeskommunen, ifølge eigen visjon, plante anslagsvis 660 millionar tre for å kompensere.

Askeland tar litt atterhald.

– Me kan tolke nullutsleppsvisjonen på fleire måtar. Me har sagt me skal redusere utsleppa i tråd med denne ambisjonen, men er opne om at me ikkje kan overstyre aktivitetane til næringslivet i regionen vår, seier fylkesordføraren.

Jon Askeland

UTOPISK? – Me er ærlege om at det er vår ambisjon og at me er avhengige av alle sin innsats, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Foto: Paul André Sommerfeldt

Han meiner store mål er viktige fordi dei då ser kva som skal til for å få til omstilling.

– Me er ærlege om at det er ambisjonen vår, og at me er avhengige av alle sin innsats. Me har det næringslivet som ser dei største moglegheitene i det grøne skiftet, seier Askeland.