Hopp til innhold

Stadig nye rekordar i koronatida: Magnhild og Leif Johnny brukar ferien på nytt gjerde

Over heile landet har folk gått mann av huse for å kjøpe bygg- og interiørvarer i 2020. Berre på Vestlandet er det omsett for éin milliard kroner.

Magnhild Gutubø og Ole Johnny Bogetveit

AUGEMÅL: Magnhild Gutubø og Leif Johnny Bogetveit i Førde håpar å bli ferdig med jobben før regnet kjem tilbake.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi har vore på ferie i eit og ei halv veke. Så er vi tilbake nokre dagar no for å lade opp. Då fann vi ut at det var veldig greitt å gjere denne vesle jobben her.

Det seier Leif Johnny Bogetveit i Førde. Saman med Magnhild Gutubø brukar han finvêret til å setje opp nytt hagegjerde. Han skrur, Magnhild malar.

Men dei er slett ikkje åleine om å gjere praktisk arbeid heime no i koronatida.

Trønderane toppar lista

– Samanlikna med april, mai og juni i fjor har vi brukt 32 prosent meir på byggevarer, møblar, interiør og hage i år, seier Jan-Tore Smith i Sparebanken Vest.

Dette svarar til ein milliard kroner i 2020, mot 780 millionar i 2019. Tala er basert på 290.000 kundar i Sparebanken Vest sine transaksjonar desse månadane.

Men også på landsbasis har folk pussa opp mykje. Tal frå DNB viser at det ikkje berre er på Vestlandet ein har sett sitt snitt til oppussing.

– Samanlikna med i fjor handla kundane våre 36 prosent meir i butikkar som sel byggevarer og interiør, og på hagesenter, seier Hanne Solli i DNB.

Hos DNB er det menn i aldersgruppa 18 til 29 som er ivrigast.

Kundane i Bergen er ivrige på oppussing, og har auka forbruket med heile 40 prosent. Trondheim toppar lista med ei auke på 51 prosent.

Martin Berge, sommarvikar Byggern Førde

REKORD: Martin Berge hos Byggern i Førde rapporterer om ny junirekord for deira bedrift.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Beste månad nokosinne

På Byggern i Førde var i juni i år, den beste månaden dei har hatt nokon gong.

– Vi ser generelt ein stor auke i år på salet. Folk pussar opp både ute og inne. Særleg går det mykje terrassebord, fortel Martin Berge.

Tal frå SSB viser at butikkar med eit breitt utval av jernvarer, fargevarer og andre byggevarer samla sett auka salet med 28 prosent i mai 2020 samanlikna med i fjor.

Smith i Sparebanken Vest er ikkje overraska over tala, og meiner det har ein klar samanheng med korona.

– Vi har ikkje brukt meir pengar, men prioritert annleis. Sett frå eit økonomisk perspektiv er det meir fornuftig å bruke pengane på dette i staden for ein ferietur eller andre opplevingar.

Jobbar godt i lag

I Førde er Magnhild Gutubø og Leif Johnny Bogetveit i full gong med sitt hagegjerde-prosjekt.

– Det er eit skikkeleg gruppearbeid dette. Vi har laga til 240 små bord, så blir litt rutinearbeid. Då går det relativt fort, seier Leif Johnny.

Meir tid har dei ikkje til journalisten og fotografen frå NRK.

– No er det meldt dårlegare vêr, så vi satsar på å bli ferdige i dag, seier Magnhild og smiler.

Malar stakittgjerde i ferien.

NØYE JOBB: Magnhild Gutubø svingar penselen. Det er ho slett ikkje åleine om i 2020.

Foto: Oddmund Haugen / NRK