Hopp til innhold

Stadig fleire vil ha hjelp med hagane sine

FØRDE (NRK): Anleggsgartnarar får stadig fleire oppdrag frå private. Mange vil ha flotte hagar og uteområde – og dei skal vere lettstelte.

Anleggsgartnarane Anne-Turid Sandnes (t.v.) og Inger Karin Høydal med minigravaren

HAR MYKJE Å GJERE: Anleggsgartnarane Anne-Turid Sandnes (t.v.) og Inger Karin Høydal er ofte i sving med minigravar – både på private og offentlege uteområde.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har mykje å hengje fingrane i. Det er veldig varierte oppdrag, seier Inger Karin Høydal ved Anleggsgartner Baarøy.

Ho er i full sving med å planere ei plen for ein oppdragsgjevar i Førde. Deretter er planen å så til og gjere området fint. Det er eit typisk oppdrag for anleggsgartnarane.

– Vi jobbar for mange ulike folk. Oppdraga er alt frå å byte ut litt bark og leggje på kvit singel for å endre på inntrykket i hagen, til dei som vil totalrenovere hagen med oppbygging av steinmurar, fontene og belegningsstein på tunet.

– Det er også dei som vil ha skiferplatning og ferdigplen, seier Høydal.

Sikrar hageeigaren eit godt resultat

Anleggsgartnarane har oppdrag både frå kommunar og større entreprenørar. Men stadig fleire av jobbane er for private. Mange ønskjer å setje bort arbeidet med å opparbeide uteområdet rundt husa sine.

– Dette er det tredje året mitt i firmaet, og eg merkar stor skilnad frå då eg byrja til no. Det blir fleire og fleire jobbar for private. Så vi har konstant noko å gjere. Det er veldig kjekt, seier Høydal.

– Har de inntrykk av kvifor vil folk ha hjelp med hagen?

– Det er gjerne fordi det er dyrt å kjøpe inn utstyr for å bruke sjølv. Samstundes har vi ansvarsrett, og kjem tilbake og rettar opp eventuelle feil.

– Kan det også vere latskap frå folk?

– Folk må tenkje kva dei vil, men det er jo kjedeleg å måtte ta opp igjen prosjekt som kanskje ikkje blir vellukka. Leiger du inn folk, er du sikra. Dessutan er det kanskje litt bortkasta å kjøpe inn mykje utstyr for berre éin gongs arbeid, seier Høydal.

Anleggsgartnarar får stadig fleire oppdrag frå private. Mange vil ha flotte hagar og uteområde – og dei skal vere lettstelte.

Mange vil ha det så lettstelt som mogleg

Saman med Anne-Turid Sandnes er ho to av 15 tilsette i verksemda som starta opp for ti år sidan. Dei siste åra har gartnarfirmaet tent gode pengar på etterspurnaden i marknaden.

– Det er heilt klart ein marknad for dette. Vi har ganske mange oppdrag for private, sjølv om det meste nok er for større entreprenørar og det offentlege. Spesielt er det etterspurnad etter steinarbeid, seier Tormod Baarøy.

– Dei fleste som leiger oss inn vil gjerne ha ein fin og lettstelt hage. Dei som har meir avanserte hagar har gjerne halde på i veldig mange år. Dei har nesten ein jungel i hagen, ler Høydal.

For trenden er at folk gjerne vil ha det lettstelt. Det inneber enkle steinmurar, kvit singel og vintergrøne buskar som ikkje feller lauv.

– Dei fleste vil helst ha det vedlikehaldsfritt. Når dei kjem heim frå jobb, vil dei nyte hagane i staden for å bruke tida på å luke, seier Baarøy.