Hopp til innhold

Ville ha 175 millionar for denne bygda – nabokommunen får den for 30

Den vesle bygda Bryggja bytte kommune under kommunesamanslåinga. No er den omstridde overgangssummen klar.

Bryggja i Nordfjord, flyfoto med fjord, veier og fjell

SAMDE OM SUM: Kommunane Stad og Kinn er no samde om ein sum for bygda Bryggja som no tilhøyrer Stad kommune.

Foto: Stig Silden

– Eg er nøgd med at vi har landa dette. Vi har kome fram til ei løysing begge partar kan leve godt med. Det har vore ein klamp om foten, seier varaordførar Siri Sandvik (Ap) i Stad kommune.

1. januar i år blei bygda Bryggja overført frå ein kommune til ein annan. Dei 540 som bur der høyrer ikkje lenger heime i Kinn.

No er dei i staden innbyggjarar i Stad kommune, heilt nord i Vestland.

Opphavleg kravde Kinn kommune totalt 175 millionar kroner i kompensasjon for å gi frå seg bygda.

Krevjande arbeid

Det har teke lang tid å bli samde om ein overgangssum, og partane har vore på meklingsmøte hos Fylkesmannen i Vestland.

Sandvik seier det har vore krevjande arbeid fordi det ikkje finst så mange tilsvarande saker.

– Stad ville betale minst mogleg, og Kinn ville sjølvsagt ha mest mogleg. Begge kommunane har anstrengt økonomi, så sånn sett har det vore krevjande, seier ho.

Fristen for å bli samde var sett til årsskiftet. Også fylkesmann Lars Sponheim som leia meklinga, seier det har vore krevjande.

– Vi har ikkje mange saker der ei bygd skiftar kommune, i alle fall ikkje når den er så stor som Bryggja er. Det er første gong eg er i ei slik mekling på dei 10 åra eg har vore fylkesmann, seier han.

I avtalen står det at Kinn får 30 millionar kroner for mellom anna kommunale vegar, omsorgssenteret og skulen i bygda. Ordførar Ola Teigen (Ap) er også letta for at denne delen av oppgjeret er klart.

– Eg trur dette er eit oppgjer begge kommunane er misnøgde med, eller nøgde med. Vi har i alle fall forhandla og blitt samde om eit beløp, seier han.

Vil også krevje erstatning

Men Kinn kommune meiner også at det er relevant å krevje erstatning for tapte inntekter og vil ha kompensasjon for dette.

– Vi vil hevde at vi har tapt pengar på grensejusteringa. Vi må byggje opp kapasitet på til dømes institusjonar, noko vi elles ikkje måtte gjere. Vi har også tapt rammetilskot på 31 millionar kroner, og vi meiner at det er pengar som har forsvunne.

– Kjem de opp i ein sum på 175 millionar kroner totalt?

– Arbeidet med erstatningsoppgjeret har vi ikkje sett i gang, så kva kravet vårt blir der, får vi sjå på over nyttår, seier Teigen.

I Stad meiner dei at denne type erstatning ikkje er relevant i denne grensejusteringa.

– Vi har forståing for at dei ønskjer det, men vi meiner at dette er noko ikkje vår kommune skal betale for, seier Siri Sandvik

No skal meklingsresultatet til endeleg godkjenning i dei to kommunestyra.

MÅ BETALE: Stad kommune (grøn farge) må betale 30 millionar kroner for bygda Bryggja til Kinn kommune (raud farge på kartet). Stad bestod før kommunesamanslåingane av Eid og Selje, og Kinn bestod av kommunane Flora og Vågsøy. Bryggja var fram til 1. januar 2020 ein del av Vågsøy kommune.