Hopp til innhold

Spøkelsesyachten som ingen ville ha

Det kom eit skip til Sunnfjord, og der vart det liggjande. I år etter år etter år.

NY KVILESTAD: I Førde ligg den 82 meter lange PJ World Explorer nesten urørleg i vatnet. Her har ho ligge sidan 2. juli.

NY KVILESTAD: I Førde ligg den 82 meter lange PJ World Explorer nesten urørleg i vatnet. Her har ho lege sidan 2. juli.

Foto: Håvard Nyhus

I Førdefjorden ligg skalet til ein 82 meter lang yacht og duppar i fjorden.

Inni skulle det vere svømmebasseng, kinosal, arabisk hammam-spa og festmatsal.

I tillegg skulle yachten ha helikopterdekk og ubåtrampe.

Kjøparen var den russiske juice- og mjølkemilliardæren Yuri Bortsov, men før han rakk å signere kontrakten døydde han brått.

Eit hjerneslag gjorde at han berre blei 40 år gammal.

Det var for ti år sidan.

I mellomtida har «spøkelsesyachten» blitt slept frå hamn til hamn, på jakt etter ein kjøpar.

Men jakta har ikkje bore fram. For kven vil ta på seg å ferdigstille eit skip der sluttrekninga kan nærme seg ein milliard kroner?

Den russiske mjølkemilliardæren var innstilt på å bla opp 800 millionar for båten.

Det var i 2010. No kan rekninga bli enda høgare.

luksusyachten ligg og rustar i Florø

SLIK SÅ BÅTEN UT FOR TRE ÅR SIDAN: Inni denne yachten skulle det vere svømmebasseng, kinosal, arabisk hammam-spa og festmatsal. Så døydde kjøparen. Det var i 2010.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Ein kjøpar før eller sidan

– Eg er ikkje i tvil om at her kjem ein kjøpar før eller sidan, seier Terje Totland.

Han er leiar for skipsreparasjon ved Westcon Yards i Florø. For sju år sidan tok verftet på seg å gje yachten ei hamn innan ein kjøpar kom på bana.

Sjølve eigarskapet til båten har heile tida vore på ulike amerikanske hender.

I 2013 trudde Totland det ville bli ei kortvarig affære.

I staden rakk han å bli glad i skipet.

Så når folk i Florø har kalla skipet for «rustholken» og andre stygge ting, blir han lei seg.

– Det er ikkje eit «spøkelsesskip», men ein klassisk båt med eit veldig fint skrog, seier han.

For eit par år sidan var han med då skipet vart sandblåst og påført sink. For å gjere det litt meir presentabelt.

No er han klar til å sende ho vidare ut i verda.

– Eg skal vere ærleg på at dette har drege ut i tid, og at vi no ønskjer ein snarleg avklaring. Det er noko med å kome seg vidare.

Skipsdivisjonssjef i Westcon, Terje Totland

VAKKERT SKIP: Det er ikkje eit «spøkelsesskip», men ein klassisk båt med eit veldig fint skrog, seier Terje Totland, som har fått «eit personleg forhold» til båten.

Kaldt vatn i årene

Ikkje så fort, seier Jens-Arne Dammyr.

Han er skipsmeklar og dagleg leiar i Aker Yacht. I 2004 fekk selskapet i oppdrag å selje Kjell Inge Røkke-yachten «Reverie» vidare da finansmannen trengde pengar.

Dammyr vil ikkje helle kaldt vatn i årene til Totland, men trur det blir vanskeleg å finne ein kjøpar til skroget ettersom «dei som har masse pengar gjerne vil starte frå scratch» – i tråd med dei siste designtrendane.

– No byrjar dette skipet å bli nokre år gamalt, og då er det ikkje like ... tidsmessig lenger.

Han viser likevel til to andre og liknande tilfelle der «foreldrelause» yacht-skrog lå lenge i arrest før nokon forbarma seg over dei.

– Det er alltid håp, seier han.

– Men det avhenger av god marknadsføring.

Jens-Arne Dammyr er grunnlegger av Aker Yachts og har drevet firmaet siden tidlig på 2000-tallet.

BLIR VRIENT: Skipsmeklar Jens-Arne Dammyr trur det blir vanskeleg å finne ein kjøpar til skroget ettersom «dei som har masse pengar gjerne vil starte frå scratch».

Foto: Pressefoto

Langt opp til Nordishavet

Attende i Førde ligg den 82 meter lange PJ World Explorer nesten urørleg i vatnet. Her har ho legen sidan 2. juli.

Fartøyet har «isklasse», og kan bryte gjennom is, og ta seg fram i arktiske område på vintertid. Men det er langt opp til Nordishavet. Slik det har vore heilt sidan hjerneslaget.

Då russaren døyde, slo også finanskrisa inn. Mange av dei som var i marknaden for luksusyachtar fekk andre ting å tenkje på.

I år har koronakrise kjølt ned marknaden på ny – men no har kronekursen stupt.

Sidan båten er prisa i norske kroner, gjer det at han blir billigare for dei som handlar med utanlandsk valuta.

Vil spøkelsesskipet – omsider – finne ein kjøper?

– No har vi leigd ein båtplass i Førde i seks månader, seier Terje Totland.

– Vi satsar på at det ordnar seg i løpet av den tida.

– Hender det at du angrar på at du vart trekt inn i dette?

– Nei da, det har vore spennande.

I Førdefjorden ligg skalet til ein 82 meter lang yacht og duppar i fjorden.

ØYRANE I FØRDE: Her ligg den 82 meter lange PJ World Explorer nesten urørleg i vatnet. Her har ho lege sidan 2. juli.

Foto: Håvard Nyhus / NRK