Hopp til innhold

Razika spelte konsert på asylmottak

Som eit slags «takk for hjelpa» spelte Bergens-bandet Razika for bebuarane på asylmottaket på Landås i kveld.

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.

Razika gjekk i dag på scena på asylmottaket på Landås i Bergen.

De fire medlemmene meiner regjeringa bidrar til å spreie framandfrykt og vil vise sympati med flyktningane sin situasjon.

– Vi har blitt kjent med ganske mange av dei som bur her gjennom innspelinga til vår siste video, og dei har jo ikkje sett oss spele ein ekte konsert, så vi tenkte det var ein fin måte å vise dei Razika, seier vokalist og gitarist Marie Amdam.

Spelte inn musikkvideo på mottaket

Bergensbandet spelte inn sin siste musikkvideo «Se deg aldri tilbake» på mottaket.

Sjå den nye musikkvideoen her!

Deira engasjement i politiske spørsmål har vakt reaksjonar. Både drapstrugslar og ubehageleg meldingar har funne vegen til innboksen til bandet.

Hatmeldingar og trugslar

– Vi har gått inn i ein del betente spørsmål. Mellom anna konflikten mellom Israel og Palestina, der vi har vore veldig pro-Palestina, seier Amdam.

IS-elskarar og stalinistar er også uttrykk som har blitt brukt for å skildre bergensarane. Det betyr på ingen måte at musikarane vil slutte å engasjere seg i framtida.

– Vi veit vi får mange reaksjonar ved å støtte flyktningane på den måten vi gjer, men det får vi berre tole. Slik må det berre vere, seier Amdam.