Hopp til innhold

Sommarsol og sommarregn på SommarLutt

Festivalklare, smilande menneske kosa seg i sommarsola, framfor SommarLutt-scena på Nordfjordeid. Så kom torebyga.

NRK SommarLutt 2016

SOMMARFULLT: Solveig Svarstad og Stian Sjursen Takle skuar utover eit stort publikum under dagens SommarLutt-konsert.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Sjå alle framføringane under SommarLutt nedst i saka

Like før opninga av festivalområdet til årets Malakoff Rockfestival, varma festivalpublikummet opp med NRK SommarLutt, i Nordfjordeid sentrum. Seks artistar frå Sogn og Fjordane fekk underhalde eit smilande publikum som har venta lenge på festivalstemninga.

Kjartan Lauritzen
Foto: Øystein Torheim
Malakoff 2016
Foto: Øystein Torheim

Litt over halvvegs i konserten kom det ei torebyge med tropisk sommarregn, og mange såg seg nøydde til å flykte til tørr tryggleik. Men ein publikumsfriar sørga for at folk vågde seg tilbake til scena for dansestemning då byga var forbi.

Festivaloppvekst

Framfor scena var området fullt av folk i alle aldrar. Ole Martin Engjaberg og niesa Maja er begge eidarar med rik festivalerfaring.

Ole Martin Engjaberg og niesa Maja

REKRUTTERING: Festival er ein del av oppveksten på Nordfjordeid. Her er Ole Martin Engjaberg og niesa Maja.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Eg har mange gode minner frå Malakoff, eg har vore med på alle festivalåra, unntatt eitt år. Eg passar alltid på å få ferien til å klaffe slik at eg kan vere her, seier onkel Ole Martin.

Maja har sjølv vore med på festival i tre-fire år og fekk med seg SommarLutt-konserten frå skuldrene til onkelen.

– Sånn er det å vokse opp på Nordfjordeid, det er tidleg rekruttering, seier Ole Martin Engjaberg.

Liverpoolgjengen

I SEE RIVERS, SommarLutt 2016

I SEE RIVERS: Gøril Nilsen og Linn Skeie stemmer gitarane før dei skal på scena. Saman med jostedalingen Eline Brun er dei I See Rivers, og bur i Liverpool.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Eline Brun frå Jostedalen spelte på SommarLutt-scena i lag med I See Rivers. Gruppa vart starta i Liverpool, på LIPA-skulen som blir fronta av Paul McCartney.

– Det var kjempekjekt å spele her. Malakoff er ein sommartradisjon for meg, så det var veldig kjekt å spele her, seier Eline.

Bandet frå Liverpool har gått i same klasse som eidaren Aleksander Raftevoll, som fekk helse på publikummet frå SommarLutt-scena. Han skal spele på Malakoff si amfiscene i helga.

– Eg trefte faktisk Eline for første gang her på Malakoff, sommaren før vi byrja i Liverpool. Og sidan har vi vore bestevennar, seier han og ler.

Kjartan Lauritzen

PRISVINNAR: Kjartan Lauritzen fekk fram dansefoten til dei som vågde seg fram etter torebyga.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Garanterte dansestemning

Då torebyga skylla inn over Nordfjordeid, var det mange som flykta frå sceneområdet. Indigo Child og Tina Refsnes gjennomførte trass i regnet som plaska inn på scena, og demonstrerte tapper «show must go on»-moral.

Like før årets vinnar av SommarLutt-prisen, Kjartan Lauritzen gjekk på scena, stoppa regnet og publikum byrja på nytt å dukke opp framfor scena.

– Vi lagar dansestemning uansett om det er ti eller ti tusen her, sa artisten Kjartan Lauritzen medan det på nytt byrja å fylle seg opp framfor scena.

Og dansestemning vart det.

Sjå alle dei 6 bidraga og heile konserten frå SommarLutt-prisen her

SommarLutt-konserten på Malakoff 2016

Michael André Kildal

SommarLutt Malakoff 2016

Indigo Child

SommarLutt Malakoff 2016

Tina Refsnes

SommarLutt Malakoff 2016

Vinnarbidraget til Kjartan Lauritzen

NRWY på Sommarlutt

NRWY

I SEE RIVERS på NRK Sommarlutt

I SEE RIVERS

Sjå heile konserten her

Kjartan Lauritzen, Tina Refsnes, Indigo Child, NRWY, Michael André Kildal og I SEE RIVERS stod på scena under årets konsert.