Hopp til innhold

Stod opp midt på natta for å sikre seg teltplass

NORDFJORDEID (NRK): Ivrige festivaldeltakarar var tidleg oppe for å stille seg i kø til festivalcampen på Malakoff fredag morgon. For det gjeld å sikre seg dei beste plassane.

Tidleg i kø Malakoff

SOMMARENS HØGDEPUNKT: Elin Margrethe Sørbø, Maria Løkkebø, Anders Hellebostad og Linnea Løkkebø gler seg til festivalhelga.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Malakoff rockfestival 2016 er i gang for fullt på Nordfjordeid. Klokka 10 opna dørene til campen. Linnea Løkkebø og gjengen hennar frå Eikefjord er av dei som var ekstra tidleg oppe for å stille seg i campkø. Det pleier dei kvart år.

– Vi kom vel klokka halv tre i natt, men då var det ikkje så mange her, fortel Løkkebø. Ho trur dei er nummer to eller tre i køen då NRK snakkar med dei i køen.

Budd på regn

Dei er blant dei som har funne seg ein plass på campen som dei trivst med og dermed ønskjer å kapre den kvart år. Dette er fjerde året deira på rockefestivalen.

– Det er sommarens høgdepunkt med bra musikk, god stemning og kjekke folk. Og når det er fint vêr er det jo ekstra kjekt å vere på festival, seier Løkkebø.

Som røynd festivaldeltakar har ho alt sjekke vêrmeldinga fleire gonger og er godt budd.

– Vi har med ein stor presenning, så om det vert mykje regn kjem vi til å bruke den. Men eg trur ikkje det blir naudsynt, seier ho.

Svein Lillestøl

CAMPINGKAOS: Svein Lillestøl er blant dei som held orden på campen når dørene opnar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Litt kaos

– Det er litt kaos, men vi ordnar det på beste måte, seier Svein Lillestøl, nestkommanderande på campen.

På campingområdet er det oppmerkte plassar med branngate mellom. Brannvesenet er også på plass og passar på at alt vert sett opp riktig.

Ivrige festivaldeltakarar var tidleg oppe for å stille seg i kø til festivalcampen på Malakoff fredag morgon.

KAMP OM TELTPLASSEN: Gutane frå Bremanger måtte ta tilbake teltplassen sin.

– Så prøver vi å passe på at dei som ønskjer å bu i lag får bu i lag. Så lenge folk oppfører seg fint, så er vi veldig greie med dei, fortel Lillestøl.

Han reknar med dei fleste har funne plassen sin innan klokka 14.

Malakoff 2016

RAUD LØPAR: Andreas Osnes Kriken og Celine Constanse Endal seier dei gjer litt ekstra stas på campen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Også ein gjeng ifrå Åheim har fast plass på campen. Andreas Osnes Kriken og Celine Constanse Endal var på plass frå klokka halv seks for å vere sikker på at Åheim-campen fekk rett plass i år også.

– I fjor hadde vi raud løpar utanfor, men eg veit ikkje heilt kva vi finn på i år, seier Kriken.