Hopp til innhold

Kjartan Lauritzen vann SommarLutt-prisen

Kjartan Lauritzen (20) frå Balestrand vann den aller første SommarLutt-prisen. Den blei delt ut under konserten på Nordfjordeid fredag.

SommarLutt Malakoff 2016

SJÅ UTDELINGA: Kjartan Lauritzen stakk av med SommarLutt-prisen og eit stipend på 150.000 kroner.

Han stod på scena saman med Tina Refsnes, Indigo Child, NRWY, Michael André Kildal og I SEE RIVERS.

Prisvinnaren får stipend frå Sparebanken Vest på 15.000 kroner. Banksjef Jan Petter Jagedal Thomsen seier dei støttar prisvinnaren fordi artistane er viktige ambassadørar for fylket.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det har vore alt for god stemning, og mange gode band. Det er ei ære å ta med seg prisen heim, seier vinnaren rett etter utdelinga.

SommarLutt Malakoff 2016

SJÅ FRAMFØRINGA: Songen som sørga for at Kjartan Lauritzen vann SommarLutt-prisen.

Kristoffer Schau frå bandet The Dogs delte ut prisen til den unge rapparen.

– No skal eg bruke pengane på å lage litt meir musikk. Kanskje eg skal spandere ein øl på dei som jobbar så og sei gratis for å hjelpe meg med musikken, held Lauritzen fram på scena i Nordfjordeid.

Ein fagjury har sett alle banda i aksjon og ut frå denne prestasjonen kåra prisvinnaren. Juryen har ikkje lagt vekt på det artistane har gjort tidlegare, men på kven som har levert den beste konserten i dag.

– Årsaka til at prisen går til Kjartan Lauritzen er at han har eit potensial som artist, og som rappar. Saman med dei andre på scena utgjør han eit fyrverkeri av eit sceneshow, noko publikum sat veldig pris på. Kombinasjonen av talentet og særleg evna til å kommunisere med publikum gjorde at det ikkje var nokon tvil om at Kjartan Lauritzen skulle stikke av med SommarLutt-prisen, fortel jurymedlem Geir Bjarte Hjetland.

Les også: Fredag kjempar dei om SommarLutt-prisen

Artistane på SommarLutt 2016 Malakoff
Foto: Mattias Bergset / NRK