Kan bli over 20 grader varmare i sør enn i Nord-Noreg

Det er venta store skilnadar mellom temperaturen i sør og nord denne veka. Medan finnmarkingane må knyte anorakken, kan desse karane måtte kjøle seg ned i elva.

Fire fotballspelande karer i Hafstadparken

OPPLETT: Perfekt fotballvêr, men dei fire kompisane i Førde må kanskje sjå til elva for å kjøle seg ned utover veka.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

I Hafstadparken i Førde slakkar fire unge karar fotballskoa etter ei treningsøkt på kunstgraset.

– Bra fotballvêr, ikkje for varmt og ikkje for kaldt, seier Tian Frøiland Nistad, Erik Grønli, Gabriel Stavland og Ola Hoff Strand

Men utover veka kryp kvikksølvet oppover i Sør-Noreg.

Høgtrykk på veg

Eit høgtrykk er nemleg på veg frå sør. Vêret vil gradvis verte betre og vi kan vente oss temperaturar mellom 25 og 27 grader.

– Heile Sør-Noreg vil ligge i den same varme lufta, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

Austafjells har dei allereie fått kjenne på sommarvarme. Det er framleis litt grått på Vestlandet og i Trøndelag, men betring er på veg lover meteorologen.

– Temperaturtoppen for Vestlandet vil kome mot helga, seier meteorologen.

I nord kryp kvikksølvet andre vegen og det er venta temperaturar ned mot 5 grader i kyststrøk. I natt kan det kome som snø på dei høgste toppane i Nord-Noreg.

Claire Couteret og Benjamin Vogt kler seg godt på sykkelferie i Noreg.

GODT KLEDD: Claire Couteret og Benjamin Vogt er på sykkelferie i nord. Dei held fast på målet om Nordkapp sjølv om vêret ikkje alltid spelar på lag.

Foto: Anne Sofie Rønnfeldt / NRK

– Vilt kor raskt vêret skiftar

Det er dårleg nytt for to franske syklistar som har sykla heilt frå Strasbourg med ein hund i følget.

Etter å ha trassa 30 varmegrader og myggsvermar nordover gjennom Kiruna i Sverige er Claire Couteret og Benjamin Vogt endeleg i Noreg.

– Det er heilt vilt kor raskt vêret skiftar her, seier Vogt.

Franskmannen fortel at han kan sitje inne og vente på ein solstråle. Straks han spring ut har det snudd til regn igjen.

– No er planen å vente eit par dagar i Langfjordbotn til det dårlege vêret gir seg, seier franskmannen.

Men litt venting må dei nok belage seg på. Gråvêret ser ut til å vare fram mot helga seier meteorologen.

– Finnmark må slite med nedbør mesteparten av veka, seier statsmeteorolog Wiberg.

Men i slutten av veka trekkjer det inn litt varmare luft frå sør og gråvêret vil lette noko.

I Førde har gutane i Hafstadparken planen klar når det vert varmt i lufta.

– Då er det berre å kaste seg i elva om det vert for varmt, seier Stavland optimistisk.

Hafstadparken i Førde - sett frå bysten

JØLSTRA: Elva ved Hafstadparken kan verte redninga for overoppheta fotballspelarar.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK