Solhjell blir ny miljøvernminister

Naustedølen Bård Vegar Solhjell blir mest truleg ny miljøvernminister i regjeringa.

Bård Vegar Solhjell

NY STATSRÅDSPOST: Bård Vegar Solhjell var tidlegare kunnskapsminister. No får han sjansen som miljøvernminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Onsdag kveld meldte NRK at noverande miljøvern- og bistandminster Erik Solheim og Tora Aasland, som er statsråd for forsking og høgare utdanning, skal ut av regjeringa.

Overtek gruvesaka

I følgje Aftenposten at det er Heikki Holmås som blir bistandsminister, Bård Vegar Solhjell blir miljøvernminister og Inga Marte Thorkildsen blir ny barne- og likestillingsminister. Det var denne posten SV-leiar Audun Lysbakken måtte forlate etter pengerot. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen overtek truleg heile kunnskapsdepartementet.

Solhjell har tidlegare vore med i regjeringa då han var kunnskapsminister frå 2007 til 2009.

Han er frå Naustdal og overtek no den omstridde saka om gruvedrift og sjødeponi i heimkommunen sin. Gruveselskapet Nordic Mining har søkt om løyve til gruvedrift i Engebøfjellet og til å dumpe overskotsmasse i eit sjødeponi i Førdefjorden.

Solhjell har tidlegare sagt at SV aldri vil kunne godta dagens forslag om fjorddeponi for overskotsmassen frå fjellet.

– Ingen betydning

Gruppeleiar i Naustdal SV og miljøvernpolitisk talsmann i fylkeslaget, Ole Erik Thingnes, seier at partiet har så klart standpunkt i saka om gruvedrift og sjødeponi, at det ikkje har noko å seie kven som blir ny minister.

– SV er så klar i denne saka, at så lenge miljøvernministeren er frå partiet, så betyr det ikkje noko kven som sit der, seier han til NRK.no.

Har tru på Solhjell

Leiar Silje Lundberg i Natur og Ungdom, seier til NRK at Erik Solheim har gjort ein god jobb.

– Men det er bra med eit friskt pust inn i departementet. Eg trur også Solhjell vil gjere ein god jobb. Eg er også glad for at han skal ha fullt fokus på miljøet og at bistand får sin eigen statsråd, seier ho.

Meiner han trengs i Oslo

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, trur Bård Vegar Solhjell blir det han kallar «nummer ein-statsråd» av dei fire SV-arane som er med i regjeringa.

– Dermed er det vanskeleg for han å vere ein reisande statsråd i utvikingsdepartementet, noko som hadde vore mest logisk med hans bakgrunn. Han trengst nok mykje i Oslo, meiner Takvam.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med Bård Vegar Solhjell. SV har ingen kommentarar til opplysningane om at statsrådane Erik Solheim og Tora Aasland er på veg ut, og at Solhjell, Thorkildsen og Holmås skal vere på veg inn i regjeringa. Endringane i regjeringa blir offentleggjorde fredag.

Video Slik blir statsrådskabalen

KABALEN: Politisk kommentator Magnus Takvam om kvifor kabalen blir slik.