Hopp til innhold

Motstandarar glade for at direktorat ønskjer utsetjing av deponivedtak

Gruvemotstandarane i Naustdal gler seg over at to direktorat i dag ikkje sa ja til sjødeponi i Førdefjorden.

Demonstrasjon3

Leiar Arne Underlid i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe (framme til venstre), er glad for at direktorat ikkje sa ja til deponi i dag.

Foto: Wilhelm Støylen

– Dette er ein siger for oss. Det betyr ikkje at vi har vunne saka, men avgjerda i dag var veldig viktig for oss, seier leiar Arne Underlid i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe som kjempar mot gruve og sjødeponi.

Klokka ni i dag tidleg presenterte Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Direktoratet for naturforvaltning (DN) sine konklusjonar i forhold til eit sjødeponi. Begge ber om meir kunnskap før dei tek endeleg avgjerd.

– Peikar på same svakheiter

Medan Naustdals-ordførar Håkon Myrvang hadde håpa på eit klart og tydeleg ja, for å sikre 170 nye arbeidsplassar, er motstandarane glade for at direktoratet ønskjer utsetjing.

– Eg tykkjer det var veldig bra. Eg er glad for Klif og DN har peikar på dei same svakheitene i forhold til konsekvensutgreiinganer som vi har hatt, seier Underlid.

Det er selskapet Nordic Mining som vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane. Utfordringa er at over 90 prosent av det ein hentar ut frå fjellet er overskotsmasse. Dette vil ein dumpe i Førdefjorden.

I løpet av 50 år vil fire kilometer av fjordbotnen bli lagt aude. Fiskeridirektoratet har tidlegare sagt nei. No ber Klif om at ein brukar eitt år på nye konsekvensutgreiingar.

– Tunge argument

Underlid seier dette viser at gruvemotstandarane har hatt rett og at Naustdal kommune har teke feil i spørsmålet om utgreiingane har vore gode nok. Men direktorata har ikkje sagt konsekvent nei til eit deponi, det hadde heller ikkje Underlid venta i dag.

– Nei, det hadde eg ikkje venta at dei skulle gjere på dette tidspunktet. Klif har hatt ei historie med å tilrå mange ulike industriprosjekt, men her tykkjer eg dei har gjort ei god vurdering.

– Kor tungtvegande trur du dette er i forhold til avgjerda Miljøverndepartementet skal ta?

– Eg forventar at departementet følgjer tilrådingane i rapporten til Klif. Direktoratet seier straummålingane er mangelfulle, og at desse bør målast gjennom ein heil årssyklus for å få vite i kor stor gard partiklar spreier seg i fjorden. Dette reknar eg som tunge argument i forhold til departementet, seier han til NRK.no.

Glede også i Naturvernforbundet

Også Naturvernforbundet reknar med at Miljødepartementet tek Klif og DN sin konklusjon til følgje.

– Førdefjorden gir oss i dag rein mat fra en rein fjord. Fordi fjorden er relativt upåvirka av skadelege aktiviteter, har den ein rik natur vi må ta vare på, seier leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Naturvernforbundet krev at det blir funne andre løysingar enn sjødeponi for gruveavfall.