Hopp til innhold

Solheim opnar for å utsetje vedtaket om Engebøfjellet

Miljøvernminister Erik Solheim opnar døra for utsetjing av gruvedrifta i Engebøfjellet i Naustdal.

Solheim

OPNAR: Miljøvernminister Erik Solheim opnar for å ta ynskjet frå Klima- og forureiningsdirektoratet til etteretning.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vil ha meir kunnskap før dei tilrår eller frårår fjorddeponi i Førdefjorden.

Miljøvernministeren seier ein må ta på alvor dei innvendingane som kjem mot sjødeponiet.

– Dette er vesentlege innvendingar mot fjorddeponi som vi pliktar å ta på alvor. No skal vi oppsummere denne informasjonen samt alt anna vi veit om prosjektet og så trekkje ein konklusjon, seier Erik Solheim.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Engebø utsett

SJÅ TV-SAKA: Innbyggjarane i Vevring venta spent på avgjerda.

Ber om eitt års utsetjing

Ellen Hambro

UTSETJING: Direktør i Klif, Ellen Hambro.

Foto: John Petter Reinertsen

Direktør i Klif, Ellen Hambro, sa under ein pressekonferanse i dag at dei ynskjer meir kunnskap om følgjene eit fjorddeponi kan få for livet i fjorden.

Difor ynskjer dei ei utsetjing på eitt år før dei seier ja eller nei. Det er Miljøverndepartementet som har den endelege avgjerda i saka.

– Det er klart at det ikkje er lett å avvise eit ynskje om ytterlegare informasjon. Det ein særleg ber om informasjon om er alle dei små partiklane som vil bli danna i eit slikt fjorddeponi at dei kan tenkjast å virvlast opp i fjorden og dermed gjere skade på både kritisk truga artar og artar som er viktige for fiskeria, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Ordføraren er skuffa etter utsetting

SKUFFA: Ordførar Håkon Myrvang var skuffa etter pressekonferansen med Klif.

– Har forståing

Nordic Mining har planar om eit sjødeponi med 250 millionar tonn overskotsmasse frå gruvedrifta. Gruvedrifta kan skape 170 arbeidsplassar i Naustdal.

Administrerande direktør Ivar S. Fossum har forståing for at Klima- og forureiningsdirektoratet vil ha meir kunnskap på ein del område.

– Vi tek til etterretning at Klif totalt sett ser på fjorddeponi som ein trygg og forsvarleg metode, seier han.

– Sa ikkje ja

Motstanden mot Førdefjorden har vore stor lokalt, og også faginstansar har uttala seg negativt. Nyleg vart det også kjent at Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Mattilsynet har samla seg om ei generell fråsegn til fjorddeponi.

Gruvemotstandarane gler seg over at direktorata i dag ikkje sa ja til fjorddeponi i Førdefjorden.

– Eg ventar at departementet følgjer tilrådingane i rapporten til Klif. Direktoratet seier straummålingane er mangelfulle, og at desse bør målast gjennom ein heil årssyklus for å få vite i kor stor gard partiklar spreier seg i fjorden. Dette reknar eg som tunge argument i forhold til departementet, seier Arne Underlid i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Ja til gruvedrift

KRITISK TIL JA: Sterke reaksjonar då kommunestyret i Naustdal sa ja til gruvedrifta.

– Rett avgjerd viktigast

Solheim kan ikkje love at saka blir utsett, men opnar likevel døre for at det kan skje.

Solheim viser til at det er få land i verda som praktiserer fjorddeponi, slik at dei ynskjer å bruke tida dei treng, og meiner det tener alle sine interesser med ei grundig vurdering før eit eventuelt fjorddeponi får starte opp.

– Vi må hugse at dersom vi gjer løyve til dette prosjektet, så skal det vare i kanskje 40 år. Det skal dumpast avgangsmasse i 40 år, den skal ligge der i hundrevis, kanskje tusenvis av år, så det er viktigare å få tatt den rette avgjerda for Førdfefjorden si framtid og innbyggjarane i framtida enn om avgjerda må vente nokre veker eller månader, seier han.

Faglege vurderingar

Miljøvernministeren trur ikkje at det som no skjer får følgjer for bergverksmeldinga som næringsminister Trond Giske (Ap) arbeider med.

Solheim seier dei allereie onsdag vil setje seg ned med informasjonen for å vurdere vegen vidare.

– Ikkje noko anna enn at vi får ei grundig fagleg vurdering frå nokre av våre fremste fagmiljø, både direktoratet for naturforvaltning og klima forurieningsdirektoratet. Dei legg på bordet noko av dei same faglege innvendingar som havforskingsinstituttet, fiskeridirektoratet. Vi har eit svært god faggrunnlag, og må på basis av det fatte den rette langsiktig avgjerda, seier Solheim.