Hopp til innhold

Viking vann «vasskrigen» mot Brann: – Det er jo ein parodi

Eit kraftig regnvêr gjer forholda på Brann stadion ekstreme i det viktige vestlandsoppgjeret mellom Brann og Viking.

Søkkblaut kamp mot Viking på Brann stadion

SØLA SKVETT: Robert Taylor kjempar i ein kamp der ballen knapt vil spretta i den gjennomvåte grasmatta på Brann stadion torsdag kveld.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Det er ein parodi. Det går ikkje an å spela fotball, sa Veton Berisha i pausen.

Det same meiner Brann-trenar Eirik Horneland, og Eurosports ekspert Joacim Jonsson meiner kampen burde vore avlyst.

På dagen 14 år etter at rødtrøyene i SK Brann kunne løfta pokalen som seriemesterar, er det heilt andre ting det handlar om i kveld.

Eit tap i eliteseriekampen gjer nedrykk svært sannsynleg for bergenslaget, medan ein siger vil gi dei eit bittelite pusterom. Medan Viking kan innta bronseplassen dersom dei vinn denne kampen.

Vasskrig i hengemyr

Men det som først og fremst karakteriserer kveldens vestlandsoppgjer, er vêret. Det bøttar ned i Bergen, noko det har gjort over lang tid. Det heidundrande regnet gjer grasmatta til ei hengemyr der søla skvett og ballen nesten stoppar fullstendig opp.

Begge laga er godt vane med nedbør, men til no i kveld er det Viking som har takla forholda best. Etter 21 minutt var Sebastian S. Sebulonsen i Viking på plass idet Branns keeper Lennart Grill mista ballen på to meter, og sende Viking opp i leiinga.

Ved pause leia Viking framleis 0-1.

Med enorme mengder vatn på banen, har første omgang vore ein vasskrig på eit svært blautt underlag. Det vart frå start raskt kommentert at kampen burde avbrytast, men den går til no som planlagd.

– Eit Brann i desperat poengnaud har nok planar om å setta Viking på ytterlegere prøver etter kvilen, skreiv Erik Dahm Rise, som kommenterte kampen for NRK.

Bronsesjanse for gjestene

Etter pause meinte han det virka som at det er mindre vatn på Vikings banehalvdel, slik at det muligens er lettare for Brann enn for Viking. Men det hjelpte ikkje, og etter 65 minutt fekk Viking inn 0-2, som også vart sluttresultatet.

Dermed er Viking i medaljestrid om bronse i eliteserien, medan Brann er eit viktig steg nærare nedrykk.